Mandarinspråk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå og mandarin (fleirtyding)

Mandarin (tradisjonell kinesisk: 北方話, forenkla kinesisk: 北方话, pinyin: běifānghuà, «nordleg tale» alternativt 北方方言 běifāng fāngyán, bokstavleg. «nordlege dialektar») er ei gruppe kinesiske dialektar tala i større delar av nordre og sørvestre Kina.

Med mandarin meiner ein vanlegvis standardkinesisk bruka i daglegtale. Den lingvistiske definisjonen av mandarin inkluderer derimot eit stort tal dialektar som seg imellom ofte er uforståelege. Denne definisjonen blir sjeldan brukt av innfødde talarar for å beskrive språkidentiteten sin, og enkelttalarar er ikkje alltid klar over den mykje breiare lingvistiske definisjonen. I staden brukar dei namnet på den dialekten dei sjølv reknar tilhøyring til, til dømes sichuandialekten eller nordaustkinesisk. Det finst ikkje noko felles identitet som foreiner samtlege talarar av mandarindialektar, sjølv om kjensla av regional identitet ofte er svært sterk.