Stanford Linear Accelerator Center

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Flyfoto av Stanford Linear Accelerator Center

Stanford Linear Accelerator Center (SLAC) er ein partikkelakseleratorStanford University i San Francisco i California, men fysikarar frå heile USA og fleire andre land arbeidar ved laboratoriet. Målet med SLAC er å forska på foton og elementærpartiklar og vert driven av Stanford University i lag med US Department of Energy.

Det vart grunnlagd i 1962. SLAC har den lengste lineære akseleratoren i verda (3,2 km). I 1968 fann fysikarar ved SLAC indikasjonar på at proton (og nøytron) er sett saman av endå mindre partiklar, kvarkar. Dette vart oppdaga i prosessar der elektron kolliderte med hydrogen.

Ein ny maskin vart bygd i 1970-åra, SPEAR eller Stanford Positron-Electron Asymmetry Ring, der strålar av elektron og positron (anti-elektron) kolliderte. SPEAR vart følgt opp av kollisjonsmaskinen PEP (Positron-Electron Project). Seinare (1987) bygde ein òg ein ny lineær kollisjonsmaskin, SLC (SLAC Linear Collider) for å kunne produsere Z-partiklar. PEP-maskina vart 1998 oppgradert til PEP-II. Her har ein produsert B-meson. I desintegrasjonar (nedbryting) av slike meson har ein, slik som i nokre andre laboratorium, sett effektar som bryt materie-antimaterie-symmetri.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

SLAC. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/SLAC

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Stanford Linear Accelerator Center