Starnberger See

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Starnberger See
Starnberger See -
Stad Bayern i Tyskland
Koordinatar 47°54′14″N 11°18′26″EKoordinatar: 47°54′14″N 11°18′26″E
Største lengde 20,2 km
Største breidde 4,66 km
Overflateareal 58,36 km²
Største djupne 127,7 m
Vassvolum 2,998 km³
Høgd over havet 596 m
Øyar 1
Busetnadar Tutzing, Possenhofen
Karte starnberger see.png

Starnberg See er ein innsjø sør i Bayern i Tyskland, og er ein populær rekreasjonstad for innbyggjarane i den nærliggande byen München. Av byar langs innsjøen finn ein Starnberg i nord, Seeshaupt i sør og Tutzing i vest. Den litle byen Berg nær Starnberg er den vidkjende staden der Kong Ludvig II av Bayern drukna i innsjøen i 1886.

Innsjøen, som vart danna av isbreane frå Alpane under den siste istida, strekker seg 21 km frå nord til sør og har ei breidd på 3-5 km, og er den fjerde største innsjøen i Bayern. Han inneheld ei lita øy, Roseninsel, og eit enkelt utløp, elva Würm (fram til 1962 heitte innsjøen Würmsee etter elva). Det største tilsiget av vatn kjem frå ei rekkje vatn sør for innsjøen, Osterseen, og elva som renn frå her vert kalla Ach eller Ostersee-Ach.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Starnberger See
Panorama av innsjøen med Alpane i bakgrunnen