Ludvig II av Bayern

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ludvig II av Bayern

Fødd25. august 1845
FødestadSchloss Nymphenburg
Død13. juni 1886
DødsstadStarnberger See
GravstadSt. Michael
DynastiHuset Wittelsbach
FarMaximilian II. Joseph
MorMarie av Preußen

Ludvig II (25. august 184513. juni 1886) var konge av Bayern frå 1864 til 1886.

Ludvig var rik på evner, men vart stadig meir lunefull og menneskesky. Han fekk bygt fleire praktfulle slott, mellom dei Herrenchiemsee og det fabelaktige alpeslottet Neuschwanstein, utan omsyn til at statsgjelda steig. Han var elles ei sterk støtte til Richard Wagner.

Ludvig sin innfall vart så bisarre at dei måtte kom av sinnssjukdom, så i 1886 vart ein regent sett i staden. Ludvig vart ført til slottet Berg ved Starnberger See, der han drukna i innsjøen.

Ludvig II i ca. 1874.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Ludvig II av Bayern