Vatikanstaten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Santa Sede Stato della Città del Vaticano

(norsk: Vatikanstaten, vatikansk)

Det vatikanske flagget Det vatikanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Inno e Marcia Pontificale»
Motto Ukjent
Geografisk plassering av Vatikanstaten
Offisielle språk Latin, italiensk mest brukt
Hovudstad Vatikanstaten
Styresett
Pavedøme

Angelo Sodano
Eduardo Cardinal Martínez Somalo
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
0,44 km² (198.)
Ubetydeleg
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
836 (199.)
1 900 /km² (3.)
Sjølvstende
  - Erklært
  - Anerkjent
Frå Italia
11. februar 1929
Nasjonaldag
BNP
 – Totalt (—)
 – Per innbyggjar
 
— (—.)
— (—.)
Valuta Euro
Tidssone UTC +1
Telefonkode +379
Toppnivådomene .va


Vatikanstaten er den minste staten i verda. Sjølv om staten er liten, er han kjend over heile verda, og han er eit viktig turistmål. Staten ligg midt i Italia sin hovudstad Roma. I likskap med staten San Marino er Vatikanstaten heilt omslutta av Italia. Vatikanstaten vart oppretta den 11. februar 1929, og har kring 1.000 innbyggjarar. Han er den vesle resten etter den ein gong så mektige Kyrkjestaten.

Staten er formelt sjølvstendig, sjølv om det er nært samkvem med Italia, og Paven er statssjef og diktator. Vatikanstaten er på berre 0,44 kvadratkilometer, men den har sine eigne euro-myntar, eige postvesen, eigen radio- og fjernsynsstasjon, og eiga avis (L'Osservatore Romano). I tillegg er det eigen jarnvegsstasjon, og 862 meter med jarnveg.

Hæren er svært kjent. Den heiter Sveitsargarden, og vert utgjort av over 100 sveitsergardistar. Hæren, som er paven si personlege livvakt, oppstod på 1500-talet.

Av kjende bygningar i Vatikanstaten er nok Peterskyrkja den mest kjende. Kyrkja er det største kyrkjebygget i verda. Ho er bygd over apostelen Peter si grav. Andre kjende bygg er Vatikanbiblioteket og Vatikanmuséa. Petersplassen framom Peterskyrkja er òg svært kjent.

Petersplassen

I Vatikanstaten er det paven som styrer. Paven er den øvste leiaren for Den katolske kyrkja. Pavedømet er i høve tradisjonen innstifta av Jesus Kristus sjølv. Kort tid etter at han døydde stod Peter fram som leiar (biskop) for den kristne kyrkjelyden i Roma. Biskopen av Roma var leiaren for heile den kristne kyrkja. Etter kvart vart biskopen i Roma kalla pave. Ordet pave tyder far. Som leiar for den katolsk kyrkja må paven klargjera viktige trusspørsmål, og orda hans vert i denne samanhengen rekna som «ufeilbarlege». Kyrkja ved paveembetet vert av katolikkar sett på som ufeilbarleg når paven uttalar seg om viktige lærespørsmål.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vatikanstaten