Pratibha Patil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pratibha Devisingh Patil
प्रतिभा देवीसिंह पाटील (marathi)
uttale 
PratibhaIndia.jpg
Regjeringstid 25. juli 2007-25. juli 2012
Titlar President av India
Religion Hindu
Fødd 19. desember 1934 (79 år), Nadgaon i Maharashtra
Føregjengar Abdul Kalam
Etterfølgjar Pranab Mukherjee

Pratibha Patil (fødd 19. desember 1934) er ein indisk politikar som var president i India frå 2007 til 2012. Ho var den første kvinnelege presidenten i India. Patil er medlem av Den indiske nasjonale kongressen (Indian National Congress, ofte kalla Kongresspartiet), og vart nominert av regjeringskoalisjonen Den sameinte framstegsalliansen (United Progressive Alliance) og Venstrefronten (Left Front). Ho vart vald ved indirekte val den 19. juli 2007, og blei innsett den 25. juli.

Patil vart fødd i landsbyen Nadgaon i Maharashtra. Ho tok mastergrad ved universitetet i Jalgaon i Maharashtra, og bachelorgrad i rettsvitskap i Mumbai. Ho sat i delstatsparlamentet i Maharashtra frå 1962 til 1985. Ho hadde òg ulike ministerpostar i delstatsregjeringa. Frå 1986 til 1988 var ho visepresident for overhuset i det indiske parlamentet. Frå 1991 til 1996 sat ho som folkevald i underhuset i det indiske parlamentet. Frå 2004 til 2007 var ho den første kvinnelege guvernøren i delstaten Rajasthan.

Pratibha Patil gifta seg i 1965 med Devisingh Ramsingh Shekhawat. Dei har ein son og ei dotter.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pratibha Patil

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen starta med ei omsetjing frå engelsk wikipedia den 23. februar 2008.