Stay av Monika Linkytė

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Stay»
Song av Monika Linkytė

Land Litauen
Språk Engelsk, litauisk
Utgjeve 14. februar 2023
Sjanger Rock
Lengd 02:57
Selskap Creative Industries
Komponist Monika Linkytė
Tekstforfattar Monika Linkytė
Låtskrivar(ar) Monika Linkytė, Krists Indrišonoks, Jānis Jačmenkins

«Stay», også kjend som «Stay – Čiūto tūto», er ein song med den litauiske songaren Monika Linkytė. Songen blei gjeven ut 14. februar 2023, men blei fyrste gong framført 28. januar 2023 under songtevlinga Pabandom iš naujo! 2023. «Stay» vann tevlinga og var det litauiske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.

Om songen[endre | endre wikiteksten]

I ei pressemelding frå den litauiske kringkastaren Lietuvos nacionalinis radijas ir televizija (LRT) fortalde Linkytė at ho skreiv songen saman med den latviske musikaren Chris Noah (fødd Krists Indrišonoks) under ein ikkje-planlagt låtskrivar-økt. Ho ønskte å skrive ein sang om kor viktig det er å «stoppe opp og vende tilbake til seg sjølv». Nokre av verselinjene i songen relaterer til litauiske folke-sutraar der ein snakkar om å lytte til sitt eige hjarte.[1]

«Stay» var eit av bidraga i den litauiske songtevlinga Pabandom iš naujo! 2023 (Vi prøver på nytt! 2023), der vinnaren fekk representere Litauen i Eurovision Song Contest. I finalen 19. februar fekk «Stay» flest poeng og vann med det retten til å representere Litauen.[2]

Litauen deltok i den andre semifinalen torsdag 11. mai i Liverpool. Der blei «Stay» nummer fire og kvalifiserte seg til finalen laurdag 13. mai.[3][4] I finalen kom låten på ellevteplass med 127 poeng.[5]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2023) Høgaste
plassering
 Litauen (AGATA)[6] 5
UK Download (Official Charts Company)[7] 45

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «MonikaLinkytė – apie eurovizinę dainą: „Šie burtažodžiai galėtų kviesti visą pasaulį atsiverti sau“». lrt.lt (på litauisk). 17. februar 2023. Henta 28. mars 2023. 
  2. Veen, Renske ten (18. februar 2023). «MonikaLinkyte wins Pabandom iš Naujo and will represent Lithuania at Eurovision 2023 with "Stay"». wiwibloggs (på engelsk). Henta 28. mars 2023. 
  3. «Eurovision2023: Allocation Draw results». eurovision.tv (på engelsk). 31. januar 2023. Henta 22. mars 2023. 
  4. «MonikaLinkytė». eurovision.tv (på engelsk). Henta 18. mai 2023. 
  5. «GrandFinal of Liverpool 2023 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. mai 2023. 
  6. «20238-os savaitės klausomiausi (TOP 100)». Agata (på litauisk). Henta 26. februar 2023. 
  7. "Archive Chart" UK Download Chart. Official Charts Company.