Stefan Banach
| Stefan Banach | |
| Fødd | 30. mars 1892 |
|---|---|
| Død | 31. august 1945 (53 år) |
| Område | Matematikk |
| Institusjonar | Lvivs universitet |
| Alma mater | Lvivs universitet |
| Doktorgradsrettleiar | Hugo Steinhaus |
| Kjend for | Banachrom |
Stefan Banach (30. mars 1892–31. august 1945) var ein dugeleg matematiker frå Polen. Han var ein av dei viktigaste personane i den såkalla Lvov-skulen i matematikk i Polen før krigen. Som matematikar var han i stor grad sjølvlærd, og geniet hans vart tilfeldigvis oppdaga av Juliusz Mien og seinare av Hugo Steinhaus.
Då 2. verdskrigen starta var Banach president i det polske matematiske selskapet og professor ved Universitetet i Lviv. Sidan han var korresponderande medlem av Vitskapsakademiet i Ukraina og på god fot med sovjetiske matematikarar, fekk han halde stillinga si trass i at Sovjetunionen invaderte byen i 1939. Banach overlevde den påfølgjande brutale tyske okkupasjonen frå juli 1941 til februar 1944. Helsa hans vart dårlegare under okkupasjonen, og han utvikla lungekreft. Etter krigen vart Lviv innlema i Sovjetunionen, og Banach døydde der. Han er gravlagt ved Lychakivskyj-gravplassen.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Stefan Banach - MacTutor History of Mathematics archive
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Stefan Banach» frå Wikipedia på bokmål, den 15. februar 2012.