Stefan Zweig
Stefan Zweig (fødd 28. november 1881 i Wien, død 23. februar 1942 i Petrópolis ved Rio de Janeiro) er ein av dei viktigaste tyskspråklege forfattarane i mellomkrigstida.
Stefan Zweig vart fødd i Wien i 1881 som andre son av ein bøhmisk tekstilfabrikant, Moritz Zweig og ei italiensk bankierdotter. Han voks opp i ein velståande austerriksk-jødisk familie. På gymnasiet utvikla han interesse for litteratur. Han studerte filosofi og litteraturvitskap ved universitetet i Wien.
Zweig er kjend som forteljar, essayist, lyrikar, biograf og dramatikar, og verka hans er omsett til mange språk. Den tidlege lyrikken hans var påverka av franske symbolistar, austerrikske impresjonistar og tyske nyromantikarar. Med bakgrunn i filosofistudiane sine skreiv han fengslande psykologiske noveller omkring kaotiske kjensler og sjelelege kriser (Amok, 1922; Verwirrung der Gefühle, 1927; Schachnovelle, 1942 som vart filmatisert 1960). Han skreiv om fleire historiske personar som Joseph Fouché (1929), Marie Antoinette (1932), Maria Stuart (1935) og Magellan (1938), og i samleverket Baumeister der Welt (1935) skriv han biografiar om mange diktarar, Balzac, Dickens, Dostojevskij, Hölderlin, Kleist, Nietzsche, Stendhal og Tolstoj.
Zweig hadde eit personleg humanistisk og pasifistisk syn som var bakgrunn for romanen Triumph und Tragik des Erasmus von Rotterdam (1934)
Zweig tok livet sitt i Brasil i fortviling over den europeiske kulturen sin undergang.
Innhaldsliste |
Verk (utval) [endre]
- Silberne Saiten (1901), dikt
- Die Liebe der Erika Ewald (1904)
- Tersites (Stefan Zweig) (1907)
- Brennendes Geheimnis (1911), novelle
- Verwirrung der Gefühle (1927) , novelle
- Drei Dichter. Casanova - Stendhal - Tolstoi (1928), biografi
- Joseph Fouché (Stefan Zweig) (1929), biografi
- Marie Antoinette (Stefan Zweig) (1932), biografi
- Maria Stuart (Stefan Zweig) (1935), biografi
- Triumph und Tragik des Erasmus von Rotterdam (1935)
- Castellio gegen Calvin oder Ein Gewissen gegen die Gewalt (1936)
- Ungeduld des Herzens (1939)
- Die Welt von Gestern (Ferdig i 1942, kom ut i 1944), (Verden av i går, no.: 1949) Ingen reell sjølvbiografi, men ei tidsskildring frå leveåra til forfattaren.
- Schachnovelle (1941), (Sjakknovelle, no.: 1951)
- Balzac biografi, fragment
Omsette bøker [endre]
- Flukten, 1900
- Amok, 1928
- Joseph Fouche Portrett av eit politisk menneske, 1930
- Helbredelse ved aand Franz Anton Mesmer — Mary Baker-Eddy, — Sigmund Freud, 1931
- Marie Antoinette Bilete av ein gjennomsnittskarakter, 1933
- Maria Stuart, 1936
- Magellan, Mannen og hans verk, 1938
- De utolmodige av hjertet, Roman, 1939
- Verden av i går, 1948
- Tolstoi, 1940
- Verden av i går, 1951
- Sjakknovellle, 1951
- Evige øyeblikk Tolv historiske miniatyrar, 1952
- Leporella, 1954
- Den evige brors øyne 1959
- Volpone : Komedie uten kjærleik i tre, 1965
- De utålmodige av hjertet', '1966
- Legender, 1969
- Verden av i går 1993
- I følelsenes vold, 2000
Bakgrunnsstoff [endre]
- http://www.stefanzweig.de/
- http://www.sbg.ac.at/ger/zweig/home.htm - Internationale Stefan Zweig Gesellschaft
- http://www.stefanzweig.org/
- http://www.ub.fu-berlin.de/internetquellen/fachinformation/germanistik/autoren/multi_wxyz/szweig.html - Kommentierte Linksammlung
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Stefan Zweig» frå Wikipedia på bokmål, den 10. april 2009.
- Store norske leksikon, snl.no, «Stefan Zweig»