Steinar Johannessen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Steinar Johannessen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. januar 1936
Lillehammer kommune
Død

30. juli 2019 (83 år)

Idrett fotball

Håkon Steinar Engh Johannessen (1. januar 193630. juli 2019) var ein norsk fotballspelar frå Lillehammer. Han var angrepsspelar, fekk 2 landskampar for Noreg.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Johannessen spelte åra 1954-58 på Fremad-laget frå heimbyen. I 1959 melde han seg inn i SK Frigg og var aktiv for Oslo-laget til 1966. Hausten 1965 var han med då Frigg tapte NM-finalen, etter to uavgjort-kampar sigra byrival IK Skeid 2–1 i den andre omkampen.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Johannessen deltok i 2 av Noregs landskampar. 17. juni 1959 møtte landslaget LuxemburgUllevaal stadion, der vart han skadd og måtte bytast ut allereie etter 5 minutt. Knapt eit år seinare fekk han noko meir speletid då det vart tap 0–3 mot Danmark i København.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Finaletap i noregsmeisterskapen: 1965 med SK Frigg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]