Lillehammer kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lillehammer kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 0501
Fylke Oppland
Adm.senter Lillehammer
Areal 477 km²
Folkemengd 26 850 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011-) Espen Johnsen (Ap)
Målform Bokmål
Nettstad www.lillehammer.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 0501.svg
Lillehammer kommune på Commons

Lillehammer kommune er ein kommune i Oppland fylke, ved nordenden av Mjøsa. Kommunen grensar i nord mot Øyer, i søraust mot Ringsaker, i sør mot Gjøvik, i sørvest mot Nordre Land, og i vest mot Gausdal. Lillehammer er administrasjonssenter i Oppland fylke. Kyrkjeleg er Lillehammer prostesete i Sør-Gudbrandsdal prosti.

Namnet «Lillehammer» kjem frå gammalnorsk hamarr som tyder berghammar og «Litli-» i samanheng med Hamar og Storhamar.

Lillehammer fekk kjøpstadrettar i 1827 og bystatus i 1842. Kjøpmann Ludvig Wiese reknast som byen sin grunnleggjar. I 1964 vart kommunen slege saman med Fåberg.

Motivet på kommunevåpenet syner til soga om Håkon Håkonson som vart redda frå baglarane av birkebeinarane Torstein Skjelva og Skjervald Skrukka. Dei to birkebeinarane heldt truleg til ved Hammer gard, som den opphavlege tettstaden Lillehammer voks ut i frå. Ruta birkebeinarane tok over fjellet til Østerdalen er bakgrunnen for skirennet Birkebeinerrennet og sykkelrittet Birkebeinerrittet over fjellet mellom Lillehammer og Rena kvart år.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Lillehammer fekk kjøpstadrettar i 1827 og bystatus i 1842. Kjøpmann Ludvig Wiese har vore rekna som grunnleggjar av byen, og det vart reist ein statue av han på Lilletorget i samband med Lillehammer sitt 100-årsjubileum. Fram til midten av 1800-talet låg busetnaden hovudsakleg i området rundt Hammer gard. Byen hadde i 1850 om lag tusen innbyggjarar, og hadde gode sambindingar sør- og nordover. Bygginga av hovudbanen Oslo-Eidsvoll i 1852 baserte seg på samband vidare med dampskip langs Mjøsa til Lillehammer, og nylagt veg vidare oppover Gudbrandsdalen. Dette transportsystemet moleggjorde transitt av tømmer[2] og jordbruksvarer til hovudstaden, og bidrog til byens framvekst.

I 1964 vart kommunen slått saman med Fåberg kommune. I 1973 kom Lillehammer i verdas søkjelys gjennom Mossad si likvidering av ein marokkansk kelner, den såkalla Lillehammer-saka.

Areal og folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste innbyggjarane bur i sentrum, bydelane Busmoen, Nordre Ål, Søre Ål, Vingnes, Nybu, Jørstadmoen, Røyslimoen, Vårsetergrenda og Fåberg.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Storgata i Lillehammer

Lillehammer har gjort mykje for å ta vare på den opphavlege arkitekturen i Storgata. Mange av bygningane av tre er bygd i sveitserstil med saltak, og gamle fargetradisjonar vert halde i hevd. Byen har fått statens byggeskikkpris for Storgata.

Eit stort kulturarrangement, Norsk Litteraturfestival, går føre seg i Lillehammer i mai kvart år.

Lillehammer var vertskap for vinterolympiaden i 1994 saman med Hamar, Gjøvik, Ringebu og Øyer.

Den lokale avisa heiter Gudbrandsdølen Dagningen.

Lillehammer kunstmuseum

Festivalar[endre | endre wikiteksten]

Tusenårsstad[endre | endre wikiteksten]

Kommunen sin tusenårsstad er Stortorget, og vart vald til dette av kommunestyret i 1998. Torget vart rusta opp og vart gjenopna 21. juni 2001 samtidig som det vart erklært som Tusenårsstad.

Kort etter at Lillehammer vart kjøpstad i 1827 vart strukturen for byen planlagt med den kvadratiske inndelinga av kvartal. Torget var opphavleg planlagt ovanfor Hammer gard, der Søndre Park er i dag. I 1868 vart plasseringa til der det er i dag vedtatt i formannskapet. Torget vart raskt ein møtestad for lillehamringar både til kvardag og fest. Her var det utstillingar, marked, song og musikk frå eigen paviljong. Her mønstra Gudbrandsdal Bataljon, og dette var hovudarena for nasjonaldagsmarkeringa, noko det også er i dag. Den fyrste torgdagen var i 1907.

Stortorget er utsmykka med «Slaven» av bilethoggaren Rolf Lunde og ein statue av Anders Sandvig, grunnleggjaren avMaihaugen, laga av Arne Durban. Mellom Lillehammer kino og Lillehammer Kunstmuseum ligg kunsthagen som er laga av Bård Breivik.

Stortorget blir i dag brukt til torghandel måndag, onsdag og laurdag. Ein del laurdagar i løpet av året blir det arrangert Bondens Marked kor det blir seld mat og handverk frå lokale produsentar. Dei to siste åra har det også vore arrangert internasjonal marknad med produsentar frå Italia, Frankrike og andre land i Europa. Torget blir også brukt som parkeringsplass når det ikkje er andre arrangement der.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Vinter-OL i 1994[endre | endre wikiteksten]

Lillehammer var arrangør av dei 17. olympiske vinterleikane i 1994, med delar av arrangementet vidarefordelt til Gjøvik, Øyer, Ringebu og Hamar.

Idrettslag i kommunen[endre | endre wikiteksten]

Idrettsarrangement[endre | endre wikiteksten]

  • Birkebeinerrennet blir arrangert kvart år i mars.
  • Ingalåmi blir arrangert kvart år i mars.
  • Birkebeinerrittet blir arrangert kvart år i august.
  • Birkebeinerløpet blir arrangert kvart år i september.
  • Worldcup hopp i Lysgårdsbakken.
  • Baldus cup, handball, blir arrangert kvart år i april.
  • Lillehammer cup (innefotball)

Verd å vitja[endre | endre wikiteksten]

Utdanningsinstitusjonar[endre | endre wikiteksten]

Verdt å sjå eller vere med på i Lillehammer[endre | endre wikiteksten]

Forsvaret[endre | endre wikiteksten]

Kjende personar frå Lillehammer[endre | endre wikiteksten]

Atle Antonsen under «En lun aften»
Foto: Stig Ove Voll

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lillehammer kommune

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • NAF, Norges Automobil-Forbund: NAF Veibok 2004

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kjelde: SSB
  2. Bayard Taylor, En reise i Norge i 1857, New York/London 1857, Frifant Forlag 2009, side 19.