Steining

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Steininga av den heilage Stefan måla av Rembrandt i 1626.

Steining er ein avrettingsmetode der det vert kasta stein på den dømde til han døyr. Iran er det einaste landet i verda der metoden blir brukt som offisiell avstraffing, men steining blir òg nytta i samband med sjølvjustis i andre land. Steining er føreskriven i Bibelen og er òg ein tradisjonell avrettingsmåte i mange muslimske land.

Normalt skjer steining ved at ei folkemengd kastar stein på den dømde. Steinane skal vera store nok til å gjera skade, men ikkje så store at dei fører til tap av medvitet eller død med eitt treff. Avrettingsmåten kan derfor ta lang tid og er svært smertefull. I nokre tilfelle skjer døden ved kveling fordi den dømde er dekt med stein og så svekka at pusteorgana ikkje er sterke nok til å trekka inn luft.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Steining