Stjernevind

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Intens stjernevind frå stjerna nede i biletet dannar den her blålege Bobletåka (NGC 7635) etter som stjernevinden kolliderer med kald gass i det interstellare mediet.[1]

Stjernevind er ein straum av ladde partiklar, for det meste proton og elektron, som konstant vert send ut frå yta til stjerner. Stjernevind kan føra til store massetap for stjerner, noko som særskilt er tilfellet for Wolf-Rayet-stjerner. Solvinden er stjernevinden som vert danna av sola.

Stjerner som er unge og enno ikkje har kome seg på hovudserien, er fleire døme på stjerner med sterke stjernevindar. Stjernevinden til desse unge stjernene kan koma opp på ein styrke tusen gonger solvinden. Denne stjernevinden vil krasja med gassen som ligg kring stjerna i form av gasskyer. Kollisjonen fører til at gasskyene vert ioniserte og at det vert danna ekspanderande sjokkbølgjer i det interstellare mediet kring stjerna. Stjerner som er so gamle at dei er på veg bort frå hovudserien og på veg til å verta raude kjemper vil òg senda bort mykje masse gjennom stjernevinden.

Generelt vil stjerner som er massive senda av garde mykje av massen sin medan dei enno på hovudserien gjennom stjernevinden. Ei stjerna som hadde 120 solmassar ved fødselen kan senda bort opp til 50 solmassar av massen sin. Sameleis kan massetapet for ei stjerna som hadde ein fødemasse på 60 solmassar koma opp på rundt tolv solmassar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen baserer seg i hovudsak på artikkelen «stellar wind» s. 390 i Philip's Astronomy Encyclopedia utgjeven i 2002.
  1. «An Expanding Bubble in Space» Vitja 6. desember 2008.