Stoplesteinane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stoplesteinan i Eigersund

Stoplesteinane (eller stoplesteinan) er ei steinsetting i Eigersund kommune. Stoplesteinane er 16 reiste steinar. Diameteren er kring 21 meter, og nokre av steinblokkene er opp til 1,20 meter høge. Namnet kjem truleg frå ordet stopla, som kan tyda oppstabling eller opplegging. Den gamle ferdselsvegen "St. Olafs veg" mellom Egersund og Sokndal går forbi Stoplesteinane. Vegen kan sjåast som ei grøn stripe i landskapet like ved fornminnet. Nyleg er det óg sett opp eit informasjonsskilt 10-20 meter søraust nedanfor steinsirkelen med støtte frå EUs regionale utviklingsfond, INTERREG IIC-programmet for Nordsjøen.

Opphav og teoriar[endre | endre wikiteksten]

Det er ukjend korleis og kvifor steinsirkelen har verte sett opp. I fylgje muntleg tradisjon er steinsirkelen ein gammal tingstad frå vikingtida og skriv seg frå perioden 800 - 1000 e.Kr. Ein teori arkeologar går ut frå, er at det dreier seg om eit gravminne. Tilsvarande steinsettinger finst fleire andre stader i Noreg og Nord-Europa. Nokre av dei er utgravne, og ein har funne at dei er gravar frå slutten av bronsealderen og fram til slutten av eldre jernalder, mellom 500 f.Kr. - 600 e.Kr. Om dette òg er tilfelle for Stoplesteinan veit ein ikkje sikkert, men det er heller ikkje utenkeleg at eit gravminne frå eldre del av jernalderen òg kan ha vorte brukt som tingstad i vikingtida. Ein utgraving på 1930-talet fann at bakken i sirkelens midtdel er steinlagt. Spor av forbrent materiale vart òg funne, noko som forsterkar den siste teorien om gravstad, men nokre fleire spor som peiker i den retninga har så langt ikkje vorte funne. Snorre seier i si «Heimskringla» at «Hin fyrsta öld er kölluð brunaöld; þá skyldi brenna alla dauða menn ok reisa eptir bautasteina.» («Den fyrste tida kallar dei brennalderen; då skulle ein brenne alle daude menn og reise bautasteinar etter dei»). Dette peiker igjen mot den siste teorien.

Andre førekomstar[endre | endre wikiteksten]

I Sverige finst ein del liknande sirklar som der vert kalla «domarringar». Dei har ofte eit odde tal på steinar, vanleg er 7, 9 og 11. Ofte har dei òg ein større stein som står i aust, og dei fleste er gravstader frå yngre jernalder. I Sverige finst òg steinringar som har form som skip, t.d. «Ales stenar». Dei skipforma steinringane har ein teoriar om at skal ha vorte brukt som ein slags kalender med same funksjonsmåte som eit solur.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]