Storrfamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Storrfamilien


Fjøresevaks
Fjøresevaks

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Monocotyledonae
Orden: Poales
Familie: Cyperaceae
Vitskapleg namn
Cyperaceae

Storrfamilien eller halvgrasfamilien høyrer til einfrøbladingane. Dette er ei stor gruppe oftast fleirårige plantar med renneforma eller trådforma blad. Trekanta eller rundt strå utan ledknutar. Slekta cladium har innhole strå, dei andre slektene ikkje. Blomstrane samla i aks. Blomsterdekke vantar eller finst som hår eller børstar. Tre eller to mjølberarar. Nøttefrukt. Nøtta har to eller tre kantar etter som det er to eller tre arr.

Kjelder [endre]

  • Svensk wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.