Stortingskomité

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein stortingskomité er ein komité innanfor Stortinget som står for førebuande handsaming av sakene i Stortinget.

Stortinget delar handsaminga av sakene mellom ulike komitear. Denne komiteinndelinga følgjer ikkje oppdelinga av Regjeringa i departement. Oppdelinga av Stortinget i komitear er ikkje nemnt i Grunnlova. Stortinget fastset sjølv reglane om stortingskomiteane i Stortingets forretningsorden.

Oppdelinga av Stortinget i komitear har reint praktiske årsaker: Stortinget skal handsame svært mange saker, og komiteane inneber ei fordeling av arbeidet mellom komiteane. Sameleis oppnår Stortinget at representantane i komiteane kan få arbeide med saksområde som interesserer dei, og som dei kanskje kjenner frå før, eller som dei i alle fall oppnår større kunnskap om etter kvart. Ved valet som fordelar representantane mellom komiteane, syter Stortinget for at alle partia så langt råd får vere med i alle komiteane, og at det er ei balanse mellom representasjon på Stortinget og fordelinga av representantane for dei ulike partia i komiteane.

Stortingskomiteane førebur sakene, og kjem med innstilling til vedtak til Stortinget. Deretter blir sakene formelt handsama i Stortinget i plenum. Handsaminga i plenum inneber at sakene og forslaga frå komiteane blir debattert, her kan bli fremma nye forslag, og det blir votert over forslaga.

Stortinget står fritt til å endre inndelinga i komitear, og har gjort dette mange gongar, etter kva som framstår som den mest tenlege måten å handsame sakene i Stortinget.

Dei ulike komiteane har ulik prestisje, og fram gjennom tida har det også variert kva komitear som har vore sett på som viktigast. Finanskomiteen er gjerne rekna som den viktigaste. Det knyter seg også prestisje til verva som leiar og nestleiar i komiteane.

Dei faste fagkomiteane er no, frå starten av Stortingsperioden 2009-2013:

  1. Arbeids- og sosialkomiteen
  2. Energi- og miljøkomiteen
  3. Familie- og kulturkomiteen
  4. Finanskomiteen
  5. Helse- og omsorgskomiteen
  6. Justiskomiteen
  7. Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
  8. Kommunal- og forvaltingskomiteen
  9. Kontroll- og konstitusjonskomiteen
  10. Næringskomiteen
  11. Transport- og kommunikasjonskomiteen
  12. Utanriks- og forsvarskomiteen

Andre komitear er:

  1. Arbeidsordningskomiteen
  2. Fullmaktskomiteen
  3. Den utvida utenrikskomiteen
  4. Valkomiteen

Tidlegare stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]