Stripper av Achille Lauro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Stripper»
Song av Achille Lauro

Land Italia, San Marino
Språk Italiensk, engelsk
Utgjeve 4. mars 2022
Sjanger Pønkrock
Lengd 02:53
Selskap Warner Music Italy
Låtskrivar(ar) Lauro De Marinis, Davide Petrella, Simon Pietro Manzari, Francesco Viscovo, Daniele Dezi, Daniele Mungai, Mattia Cutolo, Marco Lanciotti, Gregorio Calculli, Matteo Ciceroni

«Stripper» er ein pønkrocksong frå 2022 som vert framført av den italienske hiphoparen Achille Lauro. Songen var det sanmarinske bidraget til Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.

Om songen[endre | endre wikiteksten]

«Stripper» er ein italienskspråkleg pønkrocksong. Songen er skriven av eit stort låtskrivarteam beståande av Achille Lauro sjølv, i tillegg til Davide Petrella, Simon Pietro Manzari, Francesco Viscovo, Daniele Dezi, Daniele Mungai, Mattia Cutolo, Marco Lanciotti, Gregorio Calculli og Matteo Ciceroni. Ifølgje Lauro er songen er ein feministlåt som handlar om å vere seg sjølv, sjølv om andre dømmer deg.[1]

Studioversjonen vart gjeven ut for strøyming og nedlasting 4. mars 2022.[2][3]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

«Stripper» deltok i den sanmarinske songtevlinga Una voce per San Marino som vart arrangert laurdag 19. februar 2022 i Teatro Nuovo i Dogana.[4] Lauro vann finalen med eitt poeng og sikra seg dimed retten til å representere San Marino i Eurovision Song Contest 2022 i Torino. Songen konkurrerte i den andre semifinalen torsdag 12. mai 2022, der han vart nummer 14 av 18 bidrag. Sidan «Stripper» ikkje vart blant dei ti beste i semifinalen, kvalifiserte han seg ikkje til finalen laurdag 14. mai.[3][5]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2022) Høgaste
plassering
Flagget til Litauen Litauen (AGATA)[6] 83
Flagget til San Marino San Marino (Radio San Marino RTV)[7] 19

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «"My heart is his sex toy" — Achille Lauro says "Stripper" is a feminist anthem about being yourself despite judgment from others». wiwibloggs (på engelsk). 21. februar 2022. Henta 14. mars 2022. 
  2. «Achille Lauro shares "Stripper" lyric video and releases song on all digital platforms». wiwibloggs (på engelsk). 4. mars 2022. Henta 14. mars 2022. 
  3. 3,0 3,1 «Achille Lauro releases San Marino entry "Stripper"». ESCXTRA.com (på engelsk). 4. mars 2022. Henta 14. mars 2022. 
  4. Rtv, San Marino (8. februar 2022). «Una Voce per San Marino: ecco i "big" in finale, c'è anche Achille Lauro». San Marino Rtv (på italiensk). Henta 14. mars 2022. 
  5. «Second Semi-Final of Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 19. juni 2022. 
  6. «2022 20-os savaitės klausomiausi (Top 100)» (på litauisk). AGATA. 20. mai 2022. Henta 20. mai 2022. 
  7. «Top 50 – Radio San Marino RTV – 22/04/2022» (på italiensk). San Marino RTV. 22. april 2022. Arkivert frå originalen 22. april 2022. Henta 22. april 2022.