Crisalide (Vola)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Crisalide (Vola)»
Singel av Valentina Monetta
frå albumet La storia di Valentina Monetta
Land San Marino
Språk Italiensk
Innspelt 2012
Sjanger Pop
Låtskrivar(ar) Ralph Siegel og Mauro Balestri
Valentina Monetta-kronologi
«The Social Network Song (OH OH - Uh - OH OH)»
(2012)
«Crisalide (Vola)»

«Crisalide (Vola)» (italiensk for Kokong (Fly)) er det sanmarinske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framførd på italiensk av Valentina Monetta. Songen er skriven av Ralph Siegel og Mauro Balestri.

Ein engelsk versjon av songen, titulert «Chrysalis (You'll Be Flying)», var òg spelt inn med tekst av Timothy Touchton.[1]

Eurovision Song Contest 2013[endre | endre wikiteksten]

«Crisalide (Vola)»
ESC2013 - San Marino 03.jpg
Eurovision Song Contest 2013
Land San Marino
Artist(ar) Valentina Monetta
Språk Italiensk
Komponist(ar) Ralph Siegel
Låtskrivar(ar) Mauro Balestri
Resultat
Semifinalepoeng 47
Semifinaleplass 11
Finalepoeng X
Finaleplass X
San Marino i Eurovision Song Contest
«The Social Network Song (OH OH - Uh - OH OH)»
(2012)
«Crisalide (Vola)» «Maybe»
(2014)

For andre år på rad vart Valentina Monetta valt ut av Radiotelevisione della Repubblica di San Marino (SMRTV) til å representere San Marino i Eurovision Song Contest, denne gongen i Malmö i Sverige med den italienskspråklege songen «Crisalide (Vola)», skriven av Ralph Siegel og Mauro Balestri. San Marino deltok i den andre semifinalen 16. mai 2012 og enda på ellevteplass med 47 poeng; ti frå Spania, seks frå Malta, fem frå Makedonia og Frankrike, fire frå Israel, Armenia og Romania, tre frå Latvia, to frå Ungarn og eitt frå Aserbajdsjan, Finland, Hellas og Georgia. Landet kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen 18. mai 2013. Monetta slo sin eige rekord frå året før, og bidraget frå 2013 er førebels det sanmarinsk bidraget med best plassering. Bidraget var òg det beste mellom dei bidraga som ikkje kvalifiserte seg frå båe dei to semifinalane.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • «Chrysalis (You'll Be Flying)», engelsk versjon

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sanjay Jiandani. Valentina Monetta to represent San Marino in Malmö (engelsk). ESCToday. Vitja 23. mai 2013.