Sudoku

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Døme på ein sudoku med låg vanskegrad (løysing)

Ein sudoku, òg kalla su doku, er eit slags talkryssord der ein skal plassere siffer inne i eit rutemønster. Det klassiske og opphavlege rutemønsteret består av 9·9 ruter som igjen er delt inn i ni mindre boksar på 3·3 ruter. Oppgåva går ut på å plassere sifra 1 til 9 slik at kvar av dei loddrette kolonnene, vassrette radene og 3·3-boksane inneheld sifra 1 til 9 éin gong. Oppgåva er eigentleg ikkje matematisk, det kunne i prinsippet like gjerne vorte bruka ni bokstavar eller ni fargar.

Kor vanskeleg oppgåva er, avheng av plasseringa av dei tala som er fylt inn på førehand. I sudokuen til høgre, kan ein til dømes sjå at talet 8 må stå i den midterste ruta i 3·3-boksen nede til venstre. Grunnen er at 8 alltid skal vera ein stad i ein 3·3-boks. Talet kan ikkje vera i den øvste eller nedste rada i boksen (rad 7 og 9 i sudokuen), sidan desse to vassrette radene inneheld talet frå før. 8 kan på same måte heller ikkje stå i den første eller tredje loddrette kolonnen; desse inneheld òg 8. Den midterste ruta i boksen er derfor den einaste moglege plasseringa.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Namnet kjem av dei japanske orda for «tal» (sū) og «éitt» eller «aleine» (doku), og er ei forkorting av frasen «数字は独身に限る» (Sūji ha dokushin ni kagiru), eit ordspel som er bygd på at tala må stå aleine.

Sudoku i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Fleire norske aviser begynte med sudoku våren/sommaren 2005. Dagens Næringsliv var først ute med å presentere sudoku, med ein lengre omtale av fenomenet og ei oppgåve laurdag 28. mai (løysing i same avis). Avisa starta med daglege sudokuar 18. juni. Desse er laga av Mark Huckvale og blir sagt å ha berre éi mogleg løysing. I tillegg skal dei kunne løysast logisk utan bruk av prøving og feiling. Oppgåvene til Huckvale skal ifølgje opphavsmannen kunna løysast på under ein halvtime.

Adresseavisen presenterte ein sudoku tysdag 31. mai (med løysing dagen etter), og begynte med daglege sudokuar laurdag 4. juni. Aftenposten (morgon) begynte med lynsudoku måndag 6. juni. I lynsudoku skal ein plassere sifra 1 til 6 i seks boksar med 2·3 ruter. Neste avis som kasta seg på sudoku-bølgja var Stavanger Aftenblad, som begynte med oppgåver torsdag 9. juni. Alle avisene presenterer løysinga på oppgåva i neste utgåve av avisa.

Andre aviser med sudoku-oppgåver er Bergens Tidende, Brønnøysunds Avis (lynsudoku), Bladet Tromsø, Troms Folkeblad og VG.