Suluhavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ph locator map palawan.png

Suluhavet er eit randhav til Stillehavet, mellom øygruppa Filippinane i nordaust og Borneo.

Havet vert i nordvest avgrensa mot Sørkinahavet av Palawan, i søraust mot Sulawesihavet av Suluøyane.

Elles grensar Suluhavet i sørvest mot provinsen SabahMalaysias del av Borneo, i søraust mot Mindanao og i nordaust av Visayaøyane.

I Suluhavet ligg ei rekke øyar. Cuyo-øyane og Cagayan Sulu er begge i provinsen Palawan, medan Mapun og Skjelpaddeøyane høyrer til provinsen Tawi-Tawi. Suluhavet hyser Tubbataha Reef National Marine Park, ein av stadene som er med på UNESCO si verdsarvliste.