Palawan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Palawan
Geografi
Ph locator map palawan.png
Stad MIMAROPA
Koordinatar 9°31′39″N 118°23′51″EKoordinatar: 9°31′39″N 118°23′51″E
Administrasjon
Land Filippinane

Palawan er ei øy og ein provins i Filippinane, heimehøyrande under regionen MIMAROPA. Dei ligg mellom Sørkinahavet og Suluhavet. Øyane i Palawan strekker seg frå Mindoro i nordaust til Borneo i sørvest. Hovudstaden i provinsen er Puerto Princesa City.

Største øya, som er 450 kilometer lang og 50 kilometer brei, har gjeve namn til provinsen. Denne dekker ei flatevidd på 14 896 km², av dette fell 12 239 km² på hovudøya.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Provinsen Palawan består av den lange og smale øya Palawan, pluss mange små øyar som ligg rundt hovudøya. Calamianes-øyane i nordvest består av øyane Busuanga, Culion, og Coron. Øya Durangan ligg tett opp mot den vestlegaste delen av Palawan, medan Balabac ligg ved sørspissen, skilt frå Borneo av Balabac-sundet. Også Cuyo-øyane i Sulusjøen høyrer til provinsen. Dei omstridde Spratly-øyane, som ligg få hundre kilometer vest for provinsen vert av Filippinane rekna som tilhøyrande Palawan.

Ved den nær 2000 kilometer lange Palawan-kysten finst det rundt 1780 øyar og holmar. Langs fjellkjedene i det indre av øya er det vide område med urskogar. Dei store fjellstrekningane er kjelde til drivverdig tømmer. Fjella er jamnast kring 1000-1100 m høge, høgste toppen er 2 086 m høge Matalingahan. Terrenget er ei blanding av flatt kystland, elvedelta, berglendt åslandskap og tjukk skog. Inn i mellom renn mindre elvar som syrgjer for irrigasjon.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Provinsen har to klimatypar. Den eine langs vestkysten, samt heilt i nord og heilt i sør. Desse områda har to klart åtskilde årstider, seks turre månader og seks våte. Den andre klimatypen, som fyrst og fremst opptrer langs austkysten, har ei kort, turr årstid på frå ein til tre månader og elles i året manglar ein ei klar regntid. Dei sørlege delane av provinsen er så å seie fri for tropisk verlag. Nord i Palawan opplever ein striregn i månadene juli og august.

Palmeskog på Palawain.

Natur[endre | endre wikiteksten]

Palawan er habitat for 232 endemiske artar. Mellom desse er bronsestjertpapagøye-fasan, moskusdyr, binturong og maurslukar. Havskjelpadder legg egg på strendene, sjøkyr beitar på sjøgras som det er rikeleg av i Palawan. I skogane og på grasslettene finst meir enn 200 fugleartar. Meir enn 600 sommarfuglartar lever i fjella og på slettene, med tilgang til kring 1500 ulike plantesortar.

Skogen dekker 56 % av det totale landarealet i provinsen. Mangroveskogar utgjer 3,35 %. Grasslettene minka frå 19 % i 1992 til 12,4 % i 1998, eit teikn på at jordlaget har betra seg. Grunne jordlag vert vanlegvis overtekne av grasvekstar. Landområde med buskar og kratt har auka til 25 %. 11000 km² med korallrev er spreidd rundt om kring øyane i grunne farvatn.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

I fylgje folketeljinga for året 2000 budde 737 000 menneske i provinsen. Provinsen er ei smeltegryte med 87 ulike folkegrupper. Kulturen ber preg av å ha sterke innslag frå andre kulturar, så som kinesisk, indisk og Midt-Austen. Innslag av immigrantar frå andre delar av Filippinane, særleg frå det muslimske Mindanao, svarar for den store folketalsveksten, årleg på 3,98%. Dei innfødde palaweños utgjer framleis eit fleirtal i befolkninga. 18 prosent består av minoritetsgrupper som tagbanua, palawano, batak, og molbog.

Språk[endre | endre wikiteksten]

Til saman finst 52 språk og tungemål i provinsen. Tagalog har flest brukarar, det vert tala av 28 prosent av innbyggjarane. Andre språk er cuyonon (26,27 %), palawano (11,08 %), og ilonggo (9,6 %). Også engelsk er i dagleg bruk.

Hamn i Palawan

Samfunn[endre | endre wikiteksten]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Økonomien på Palawan er for ein stor del basert på landbruk. Viktigaste avlingane får ein frå dyrkinga av ris, mais og kokosnøtter. Sukker, ris og framforing av kveg gjev andre viktige landbruksprodukt. Tømmerhogst er og ei viktig næringsgrein. Palawan har eit av dei rikaste fiskefelta i Filippinane. Om lag 45 % av fisken som vert omsett i Manila kjem frå desse felta.

Palawan er den einaste provinsen i landet som produserer olje og gass. Olje kalla Palawan Light vert pumpa opp frå oljefeltet Galoc ute i Sørkinahavet, vest for øya Culion nord i provinsen. Dessutan vert det produsert naturgass frå feltet. Mineralressursane består av nikkel, kopar, mangan og kromitt.

Turismen svarar for ein mindre, men samstundes aukande, del av økonomien.

Perledykking var ei bra stor næring, før bruken av plastikksmykke. Verdas største perle, den 240 mm diameter store Lao-tze-perla, vart funnen ved Palawan i 1934.

Politisk inndeling[endre | endre wikiteksten]

Palawan er delt i ei bykommune og 23 landkommunar. 13 av kommunane ligg på hovudøya, dei andre 11 er øykommunar. Dei største kommunane er på nordsida av hovudøya, så som Puerto Princesa (2106 km²), Taytay (1390 km²) og Roxas (1220 km²).

Hovudstaden Puerto Princesa har eige styre og er uavhengig av provinsen, men er i statistisk samanheng oftast slått saman med provinsen.

Ved kongressval har Palawan to valdistrikt, eitt på nordsida og eitt på sørsida.

Religon[endre | endre wikiteksten]

Den klart største religiøse gruppa i Palawan er dei romersk-katolske. I provinsen finn ein og protestantisme attåt ei rekke ulike, kristne trusretningar.

På grunn av nærleiken til Mindanao og Malaysia, finn ein innslag av islam i nokre av samfunna på sørsida av Palawan. Muslimar er i fleirtal i nokre kommunar heilt i sør, til dømes Balabac og Bataraza.

Buddhistar finst og, i hovudsak flyktningar frå Vietnam som har busett seg i Palawan, så vel som etnisk kinesiske buddhistar.

Etniske minoritetar som Batak og Tagbanwa er i hovudsak animistar, men mange har vorte kristne (oftast protestantar) eller dei har vorte med i andre sekter.

Øya Coron i Palawan.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Immigrantar til Filippinane har ofte kome frå Borneo via Palawan. Frå 220 til 263 flykta «små, mørke menneske» frå provinsen Anwei i Sør-Kina, utdrivne av majoritetsfolket. Nokre slo seg ned i Thailand, andre på Borneo og Sumatra. Stamma batak på Palawan er ætlingar av desse. Andre stammer, palawano og tagbanua, er etterkomarar av folk som vandra inn i førhistorisk tid. Desse utøvde eit styresett utvikla på øya, eit system utan formalisert(e) maktutøvar(ar). Dei hadde eit eige alfabet, og eit handelssystem med sjøfarande handelsmenn.

Frå 982 har ein kunnskap om at kinesiske handelsmenn jamnleg var innom øya. Leirkrukker, porselen og anna kunsthandverk henta opp frå sjøen og holer i Palawan viser til handelssamkvem med kinesiske og malayiske handelsmenn.

I det 12. hundreåret byrja malayar å busetje seg på Palawan. Malayane kom med båt, og samfunna vart styrt av hovdingar. Dei dyrka ris, ingefær, kokosnøtter, søtpoteter, sukker og bananar. Dei heldt grisar, geiter og kyllingar. Hovudnæringane var fiske, jordbruk og jakt med bambussnarer og blåserøyr.

På 1200-talet innvandra indonesarar frå Majapahit-riket, desse tok med seg buddhisme og hinduisme.

Dei sørlege delane av øya var kontrollert av Borneo-sultanatet i meir enn to hundreår, og islamismen fekk fotfeste. I denne perioden blomstra handelen, og mange innfødde gifta seg med kinesarar, japanarar, arabarar og hinduar. Blandingsekteskapa førte til danninga av ei særskild folkegruppe, kalla palaweños, som både fysisk og i veremåte skilde seg ut.

Spansk styre[endre | endre wikiteksten]

Restar av flåten til Magellan stranda på Palawan. Utover på 1500-talet tok spanske sjøfolk til å krevje ressursar frå lokale hovdingar.

Calamianes-øyane var dei fyrste som kome under spansk styre. Tidleg på 1600-talet sende spanske klosterbrør misjonærar til Cuyo, Agutaya, Taytay og Cagayancillo, men desse vart møtt med motstand frå Moro-samfunn. Før 1700 byrja Spania å byggje kyrkjer i byane Cuyo, Taytay, Linapacan og Balabac. Kyrkjene vart reist inne i garnisonane, for å verne dei mot angrep frå Moro. I 1749 gav Borneo-sultanatet det sørlege Palawan til Spania.

Frå 1818 vart øya Palawan, eller Paragua som ho vart kalla, styrt som ein enkelt provins under namnet Calamianes. 40 år seinare vart provinsen delt i to, ein nordleg del og ein sørleg del. Sidan vart provinsen delt i tre.

Under USA[endre | endre wikiteksten]

Etter den spansk-amerikanske krigen, i 1902, tok USA kontroll over det nordlege Palawan. Året etter vart provinsen utvida med dei sørlege delane av øygruppa. Provinsen fekk namnet Palawan, Puerto Princesa vart provinshovudstad. Styresmaktene la vinn på å bringe folk nærare seg. Med åra vart det bygt skular og ein prøvde å fremje jordbruket.

Under 2. verdskrigen invaderte Japan øya. Okkupanten sine styrkar vart knust i april 1945 av styrkar frå både Filippinane og USA. Nokre månader tidlegare, 14. desember 1944, massakrerte japanarane mellom 133 og 141 krigsfangar i ein fangeleir på Palawan. Berre 11 fangar slapp unna då det vart sett fyr på leiren og dei som prøvde flykte vart skotne.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Palawan

Kjelder[endre | endre wikiteksten]