Sunda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sunda
(Basa Sunda)
Klassifisering: Austronesisk
Bruk
Tala i: Flag of Indonesia.svg Indonesia
Sundatalande i alt: 27 000 000
Språkkodar
Utbreiing av sundanesisk på Java (brun farge)

Sunda eller sundanesisk er eit malayopolynesisk språk som blir tala av rundt 27 millionar menneske på den vestlege tredelen av den indonesiske øya Java, det vil seie av om lag 15 % av folket i Indonesia. Rundt 60 % av dei sundatalande brukar også indonesisk, og rundt 5 % brukar nederlandsk.

Fonetikk[endre | endre wikiteksten]

Sundanesisk blir skrive med latinske bokstavar. Det er eit tydeleg fonetisk språk, det vil seie at det er sterkt samsvar mellom ortografi og uttale. Språket har fem reine vokalar:

  • a (som i skatt),
  • é (som i vett)
  • i (som i rik),
  • o (som i bål)
  • u (som i lukk),

og to nøytrale vokalar:

  • e (som i endinga i koner) og
  • eu (som i endinga i ongul)

Språket har ingen diftongar. Konsonantane vert skrive: p, b, t, d, k, g, c (uttala: tskj), j, h, ng, ny (som i Canyon), m, n, s (ustemd), w, l, r (rulle-r ) og y. Andre konsonantar, ofte frå lånord, blir endra etter dette mønsteret: → p, v → p, sy → s, sh → s, z → j, og ch → h.

Referansar[endre | endre wikiteksten]