Suomalaisen Kirjallisuuden Seura

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hovudbygningen til Suomalaisen Kirjallisuuden Seura, Regeringsgatan 1

Suomalaisen Kirjallisuuden Seura (SKS), sv. Finska litteratursällskapet er ein organisasjon som har som mål å fremje kjennskap til og forsking på finsk kultur og kulturarv, særleg språk, litteratur og folketradisjon.

SKS vart grunnlagt i 1831 av folk i krinsen kring Helsingfors Universitet som var interessert i finsk språk i å fremje ei nasjonal reising via arbeidet for språket. Røttene til SKS ligg i Åboromantikken rundt Åbo Akademi frå 1820-talet.

SKS publiserte m.a. Kalevala i 1835 og Kanteletar i 1840. Ordet kirjallisuus, som er det finske ordet for litteratur, vart laga av Elias Lönnrot nett for SKS.

SKS har omfattande arkiv innanfor folkeminne, litteratur og språk, og som forlag gjev SKS kontinuerleg ut bøker om finske emne av høg kvalitet.

Danninga av SKS har mykje til felles med danninga av Det norske samlaget.

Lenkje[endre | endre wikiteksten]