Supergirl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Superg!rl)
«Superg!rl»
Song av Stefania Liberakakis
Land Hellas
Språk Engelsk
Utgjeve 1. mars 2020
Sjanger Dance-pop
Lengd 03:00
Selskap K2ID
Låtskrivar(ar) Dimitris Kontopoulos, Arcade, Sharon Vaughn
Produsent Arcade

«Supergirl», stiliserte som Superg!rl og SUPERG!RL, er ein gresk song frå 2020 som vert framført av den nederlandsk-fødde songaren Stefania Liberakakis. Songen er skriven av Dimitris Kontopoulos, Arcade og Sharon Vaughn, og vart utgjeven 1. mars 2020. «Superg!rl» skulle ha vore det greske bidraget til Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1]

Om songen[endre | endre wikiteksten]

«Superg!rl» vart vald internt av den greske kringkastaren ERT til å representere landet i Eurovision Song Contest 2020. Både artisten og tittelen til songen vart offentleggjorde 3. februar 2020.[2] Låten vart sloppen for digital nedlasting og strøyming 1. mars same år.[3]

Bak «Superg!rl» stod eit erfarent låtskrivarlag. «Superg!rl» er komponert av låtskrivaren og produsenten Dimitris Kontopoulos, saman med gruppa Arcade. Dei skreiv òg teksta saman Sharon Vaughn. Ho skreiv dessutan det russiske bidraget frå 2019, «Scream» med Sergej Lazarev. Kontopoulos har òg skrive fleire andre Eurovision-bidrag, blant anna det kviterussiske bidraget frå 2007, «Work Your Magic» med Dzmitry Kaldun.[4]

Kunstnarisk sjef for songen og framsyninga var Fokas Evangelinos, som har stått bak fleire Eurovision-nummer, blant andre vinnarframsyninga til Elena Paparizou i 2005 og vinnarframsyninga til Dima Bilan i 2008.[2]

På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlysa Eurovision Song Contest for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[5] Songen fekk dermed aldri delteke i tevlinga. «Superg!rl» og Stefania Liberakakis skulle ha delteke i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest, torsdag 14. mai 2020.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  2. 2,0 2,1 «Stefania to sing 'SUPERG!RL' for Greece at Eurovision 2020». eurovision.tv. 3. februar 2020. Henta 11. februar 2020. 
  3. «Greece: Stefania's song for Eurovision 2020 released – Listen to "Supergirl"». 1. mars 2020. Henta 1. mars 2020. 
  4. «Stefania will represent Greece at Eurovision 2020 with "SUPERGIRL"» (på engelsk). 3. februar 2020. Henta 11. februar 2020. 
  5. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020.