Susa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Susa i Italia.
Susa
farsi شوش Shush ʃuʃ

gresk Σοῦσα ˈsuːsa
gammalsyrisk ܫܘܫ Shush
gammalpersisk Çūšā-
bibelhebraisk שׁוּשָׁן Shushān

By
none  Tell (kunstig ås) etter kongebyen (venstre) og akropolisen (høgre) sett frå Apadana-høgda i Susa.
Tell (kunstig ås) etter kongebyen (venstre) og akropolisen (høgre) sett frå Apadana-høgda i Susa.
Region Zagrosfjella

Susa var ein by i oldtidsrika Elam, Persarriket og Partia. Ruinane etter byen ligg ved foten av Zagrosfjella rundt 25 mil aust for Tigris, mellom elvane Karkheh og Dez. Ved staden ligg no den moderne småbyen Shush i Khuzestan i Iran.

Susa høyrer til blant dei eldste byane i verda. Arkeologiske utgravingar har vist spor etter bybusetnad her som er rundt 6000 år gamle. Byen var hovudstad i Elam til han blei øydelag av assyrarkongen Assurbanipal i 640-åra f.Kr. Han blei deretter erobra av dei persiske Akamenidane, og gjenreist av Darius den store, som også hadde byen som hovudstad. Susa blei seinare erobra av Aleksander den store og gjort til del av Selevkideriket. Han var viktig fram til 1200-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Susa