Partia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Partia på sitt største.

Partia eller partarriket (persisk اشکانیان, Ashkâniân, gresk Παρθία, latin Parthia) var eit oldtidsrike med kjerne søraust for Kaspihavet, i den noverande iranske provinsen Khorasan. Riket kontrollerte Mesopotamia mykje av tida mellom 190 f.Kr. og år 224.

Partarane brukte det mellomiranske språket partisk, som var offisielt språk i riket.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Partarane var ein iransk stamme, opphavleg nomadar frå Sentral-Asia, som hadde slått seg ned i Persia. Dei var underlagd Persar- og seinare Selevkideriket. Under Selevkos II erklærte satrapen Andragoras Partia som sjølvstendig (ca. 255 f.Kr.). Kort tid seinare blei han styrta av Arsakes I som grunnla Arsakide-dynastiet og den partiske forfatninga. Etter han hadde alle dei partiske herskarane namnet Arsakes, men dei hadde også personlege namn. Den største og mest berømte av dei eldre arsakidiske monarkane er Mitridates II (d. 88 f.Kr.), som utvida riket så det strekte seg frå Indus til Eufrat.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • partere (27.02.2013), Store norske leksikon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Partia