Suva
| Suva | |
|---|---|
| Styresmakter | |
| Land | Fiji |
| Gjort til hovudstad | 1882 |
| Geografi | |
| Flatevidd - Hovudstad |
2048 km² |
| Innbyggjarar - Hovudstad (2003) |
199.400 |
| Tidssone | UTC +12 (UTC12) |
| Plassering | |
Suva er hovudstaden og den største byen i Fiji. Byen ligg på søraust-kysten av øya Viti Levu.
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Suva var opphavleg ein landsby på Fiji-øyane. Fiji vart ein britisk koloni i 1874, og britane gjorde offisielt Suva til hovudstad i staden for Levuka i 1882. I oktober 1910 fekk Suva bystatus og vart med det den fyrste byen på Fiji. Suva har utvikla seg til å få mange forstader og har vorte eit større metropol-område. Suva er ein av dei største byane i Sør-Stillehavet.
Innbyggjarar [endre]
Suva er den viktigaste hamnebyen på Fiji. Han eksporterer m.a. sukker og frukt. Folket i Suva er for det meste fjianarar og indo-fijianarar, men også europearar, kinesarar m.m.
Bygningar [endre]
I Suva finst University of South Pacific, Fiji Museum, den botaniske hagen Thurston Gardens pluss eit stort shoppingsenter.
Transport [endre]
Transportsystemet i Suva består for det meste av bussar og drosjar. Det går også ferjer herifrå til dei andre Fiji-øyane. På øya Viti Levu ligg også lufthamna Nausori International Airport.
Kjelder [endre]
- Store Norske Leksikon om Suva.
- Engelsk Wikipedia om Suva, henta inn 5. januar 2011.