Fiji

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Republic of the Fiji Islands
Matanitu Tu-Vaka-i-koya ko Viti

(norsk: Fiji, fijiansk)

Det fijianske flagget Det fijianske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Meda Dau Doka»
Motto Rerevaka na Kalou ka Doka na Tui
(Frykt Gud, gjer ære på monarken)
Geografisk plassering av Fiji
Offisielle språk Engelsk, fijiansk og hindi
Hovudstad Suva
Styresett
Republikk
Ratu Josefa Iloilo
Frank Bainimarama
Ratu Ovini Bokini
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
18 274 km² (153.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
890 057 (158.)
48,7 /km² (122.)
Sjølvstende
Sjølvstendig fram til
Frå Storbritannia

10. oktober 1874
10. oktober 1970
Nasjonaldag 10. oktober
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
3 792 mill. USD (162.)
4 300 USD (128.)
Valuta Fijiansk dollar
Tidssone UTC+12
Telefonkode +679
Toppnivådomene .fj


Republikken Fijiøyane er ein øystat i Stillehavet, aust for Vanuatu, vest for Tonga og sør for Tuvalu.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei fyrste innbyggjarane på Fiji kom frå Søraust-Asia lenge før øyane vart oppdaga av europeiske oppdagarar på 1700-talet. Øyane vart ein britisk koloni i 1874. I 1970 vart Fiji uavhengig.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Fiji sitt statsoverhovud er presidenten som er vald av Stammerådet i ein femårsperiode. Presidenten har for det meste berre ei seremoniell rolle, basert på det britiske systemet. Den utøvande makt ligg hjå regjeringa. Statsministeren er utpeika av presidenten, men må ha støtte frå Representantane sitt hus. Fiji sitt parlament består av to kammer, Representantane sitt hus og Senatet.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Fiji består av 322 øyar der ca. ein tredel er folkesette. Dei to største og viktigaste øyane er Viti Levu og Vanua Levu. Hovudstaden Suva ligg på Viti Levu der omtrent tre fjerdedelar av befolkninga bur. Andre viktige byar er Labasa, Lautoka, Nadi og Savusavu. Øyane er fjellrike med toppar opp til 1200 moh.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Fiji har eit tropisk havklima der den søraustlege passatvinden verkar modererande på den fuktige varmen. Suva har ein middeltemperatur på 23 °C i juli og august og 27 °C i januar og mars. Årsmiddelnedbøren varierer på dei forskjellige øyane og er 1400 mm i vest til over 5000 mm i aust. Nedbøren er størst på kystane som ligg vendt mot passatvinden i søraust, medan dei nordvestleg delane av øyane ligg i regnskugge. Suva har 2975 mm nedbør i året. Mars er den våtaste månaden, medan juli er den tørraste.

Fiji vert i snitt råka av 10-15 syklonar kvart tiår, men av desse er kanskje berre ein av orkanstyrke. Sidan 1985 har derimot orkanane kome oftare.

Lokale myndigheiter[endre | endre wikiteksten]

Fiji er inndelt i fire delar (område) som igjen er delt opp i provinsar. Områda har lita makt og er meir som ei samling av provinsar. Øya Rotuma som ligg 465 kilometer nord for Viti Levu har indre sjølvstyre, men blir offisielt rekna som ein del av det austre området av statistiske omsyn. Kommunar har vorte oppretta rundt Suva, Lautoka og ni andre landsbyar med byråd og borgarmeister.

Kart over Fiji

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Offisielle[endre | endre wikiteksten]

Andre[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Fiji