Svardalsvatnet

Koordinatar: 60°54′25″N 05°04′43″E / 60.90694°N 5.07861°E / 60.90694; 5.07861
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svardalsvatnet
innsjø
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Gulen
Utløp Svardalselva
Nedslagsfelt 9,81 km²
Høgd over havet 29 moh.
Lengd 3,0 km
Breidd 0,1–0,5 km
Areal 0,80 km²
Middeldjupn 12 m
Største djupn 49 m
Volum 9,1 millionar km³
Kystlengd1 10,02 km
Koordinatar 60°54′25″N 05°04′43″E / 60.90694°N 5.07861°E / 60.90694; 5.07861
Kart
Svardalsvatnet
60°54′25″N 5°04′43″E / 60.90694427°N 5.0786109°E / 60.90694427; 5.0786109
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Svardalsvatnet er ein innsjø som ligg i Gulen kommune i Vestland. Han er 3,0 km lang og 0,1 – 0,5 km brei, og har utløp mot sør gjennom Svardalselva som munnar ut i Langevatnet. Svardalsvatnet ligg på 29 moh.[1] Vatnet har eit areal på 0,80 km², og største djup er 49 meter.[1]

Fiskebestandane i Svardalsvatnet vart på slutten av 1900-talet sterkt skadd som følgje av sur nedbør. Bestanden av røye i vatnet gjekk tapt på 1980-talet trass i gode gyteforhold,[2] medan bestanden av aure var overtalig.[3] Bestanden av ørret vart redusert på 1980-talet og vart i 1988 vurdert som «tynn»[2]. I 1997 vart han likevel vurdert som «delvis god», til trass for at vassdraget var særs surt og hadde høgt innhald av aluminium. Ei forklaring kan vere at både saltinnhaldet og innhaldet av organisk stoff i vassdraget var høgt, noko som truleg bidrog til å redusere giftverknaden av aluminium og hindre salttap.[2] For å bøte på skadane som følgje av forsuringa vart det sett i gang bekkekalking i 1992, medan vatnet vart fullkalka i åra 1994 – 2002. Kalkingsprosjektet er no avslutta.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 NVE Atlas Arkivert 2011-03-06 ved Wayback Machine., Norges vassdrags- og energidirektorat
  2. 2,0 2,1 2,2 Annie Elisabeth Bjørklund: Naturressurskartlegging i Gulen kommune, Sogn og Fjordane: Miljøkvalitet i vassdrag, Rådgivende Biologer AS, Rapport nr. 155, mars 1995, ISBN 82-7658-050-5
  3. Annie Elisabeth Bjørklund, Bjart Are Hellen: Kalkingsplan for Gulen kommune, 1997, s.51, Rådgivende Biologer AS, Rapport nr. 286, 1997, ISBN 82-7658-145-5
  4. Trygve Hesthagen Gunnel Østborg: Endringer i areal med forsuringsskadde fiskebestander i norske innsjøer fra rundt 1990 til 2006, NINA Rapport 169, s.95, Trondheim, desember 2008, ISBN 82-426-1724-4