Røye

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Røye

Status i verda: LC Livskraftig

Røye
Røye

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Actinopterygii
Orden: Salmoniformes
Familie: Salmonidae
Slekt: Salvelinus
Art: S. alpinus
Vitskapleg namn
Salvelinus alpinus
Røye, røyr
Namn på andre språk
Norrønt Reyðr
Nordsamisk Rávdu
Svensk Fjällröding
Engelsk Arctic char
Tysk Seesaibling, Wandersaibling, Rotforelle
Fransk Omble chevalier
Spansk Salvelino, trucha alpina, trucha ártica
Russisk Arktitsjeskij golets (Арктический голец)

Røye eller røyr er ein laksefisk som lever i kaldt vatn over heile den nordlege halvkule. Det er den nordlegaste ferskvassfisken me kjenner til, og var mest sannsynleg den første fisken som vandra inn i Noreg etter istida.

Ferskvassrøye finst over hele landet, og lever heile livet i ferskvatn. Han likar best kaldt, oksygenrikt vann. Sjørøya finst frå Nord-Trøndelag og nordover til Svalbard, og reknast som anadrom fordi ho i periodar vandrar ut i havet. Til saman finst det over 30 000 bestandar av røye i Noreg og norske farvatn.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Røya ser ulik ut til ulike stadium i livet og i ulike bestandar, men ei rekkje trekk går att. Dei heilt yngste fiskane har mørke ryggar med lys underside og store flekkar på sidene. Desse såkalla fingermerkene forsvinn og vert erstatta av små, kvite flekkar når fisken vert eldre og får blankare sider. Når røya skal gyta skiftar fargen og vert mørkare med raud buk. Røye med sølvblank buk vert mange stader kalla for sølvrøye.

Røya er mellom 20-30 g til over 10 kg tung, men vekta ligg vanlegvis mellom 100 og 200 g. Eksemplar på opptil 107 cm er kjend.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Røye lever stort sett i innsjøar, men dei førekjem stundom òg i elver. Dei lever langsmed botnen som ungar, på djupare vatn i vassdrag med aure. Vaksen fisk kan både leva i ope vatn eller knytt til botnen. Som ung et røya botnlevande små krepsdyr og fjørmygglarvar, når ho vert eldre tek ho òg dyreplankton, blautdyr og småfisk.

Røya gyter i innsjøar om hausten, i nordlege bestandar kan dei òg gjera det i elver. Gytinga skjer på grusbotn, kor hoa lagar gytegrop og grev ned rogna etterpå. Yngelen vert kjønnsmogen etter 2-10 år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • FishBase
  • Klemetsen, Anders: «Røye» i Norges dyr - Fiskene 1 Cappelen 1992
  • Svenning, Martin A.: «Sjørøye» i Fisk i ferskvann - et samspill mellom bestander, miljø og forvaltning Landbruksforlaget 2000
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Røye