Svinna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Svinna (eller Svinndalselva) er ei elv som spring ut frå Sæbyvannet, renn vestover via Flesjøvannet, og ut i Vansjø ved Roos i Våler kommune i Østfold. Høgdeskilnaden mellom Sæbyvannet (46 m.o.h.) og Vansjø (25 m.o.h.) er 21 meter. Tidlegare vart eit av vassfalla i Svinna nytta til å drive oppgangssaga «Frølandsaga».

Vassdraget strekkjer seg vidare austover til Rusviktjern og sørover til Ravnsjø som begge renn ut i Sæbyvannet. Rusviktjern og Ravnsjø er henholdvsis drikkevasskjelde og reservedrikkevasskjelde for Våler kommune.

Svinna er ei av fire tilførselselvar til Vansjø, og har ei midlere vassføring ved utløpet i Vansjø på 1,6 m³/sek.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]