Våler kommune i Østfold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Våler kommune i Østfold
Våpen Kart
Komm.nr. 0137
Fylke Østfold
Adm.senter Kirkebygda
Areal 256 km²
Folkemengd 4 857 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011-) Reidar Kaabbel (Sp)
Målform Bokmål
Nettstad www.valer-of.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 0137.svg
Våler kommune i Østfold på Commons
Våler kyrkje

Våler kommune er ein kommune i Østfold fylke. Kommunen grensar til Hobøl i nord, Moss og Vestby i vest, Sarpsborg, Rygge og Råde i sør, og Skiptvet og Spydeberg i aust. Han har tre tettstader der om lag to tredelar av innbyggjarane bur. Desse er Våk, Kirkebygden og Svinndal.

Namn og kommunevåpen[endre | endre wikiteksten]

Namnet Våler kjem frå det norrøne ordet valir, som tyder rydning(ar). Kommunevåpenet har òg gamle røter, det var knytt til slekta Bolt som hadde eigedom i området frå 1300-talet. Våpenet er kløyvd, med ei halv lilje i sølv til høgre, og to sparrar i gult til høgre. Det blei teikna av Truls Nygaard i 1986 etter Leiv Merlie sitt føreslag.

Innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Frå gammalt av har dei som har budd i Våler livnært seg ved jord- og skogbruk. Sidan 1970-talet har likevel mange funne seg arbeid i Moss, og kommunen er blitt litt som ein forstad, med mange nye byggjefelt i kort avstand til byen i vest.

Gjennomsnittsalderen i kommunen er blant dei lågaste både i Østfold og resten av Noreg.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Våler er prega av både flate landbruksområde og åsar med store samanhengande skogområde. Her finn ein over 200 registrerte artar av vilt, mellom anna ulv. Den såkalla Mosseflokken av desse dyra har hovudreviret sitt her.

Kommunen blir gjennomskoren av fire riksvegar: 114, 115, 120 og 121.

Han har ikkje kystline, men ei strandline på meir enn tjue mil mot innsjøen Vansjø.

Verd å vitja[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]