Sylan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sylan
Sylarna.JPG
Høgd over havet Storsylen (1762 moh)
Ligg i/på Noreg Noreg
Sverige Sverige
Koordinatar 63°1′N 12°12′EKoordinatar: 63°1′N 12°12′E

Sylan (Sylane, Sylene, svensk Sylarna, samsisk Bealjehkh) er eit fjellområde i grensetraktene mellom Sør-Trøndelag i Noreg og Jämtland i Sverige.

Sentralt i området ligg Sylmassivet med Storsylen (1762 m) som høgaste topp. Det er fleire turisthytter i området og Trondhjems Turistforening driv mellom anna Schulzhytta i Roltdalen, Storerikvollen og Nedalshytta ved Nesjøen. På svensk side finn ein mellom anna Blåhammarens Fjällstation, Sylarnas Fjällstation og Fjällstuga Helags. Det er eit godt utbygd rutenett for fjellvandrarar som strekkjer seg frå Kvitfjellhytta (Nord-Trøndelag Turistforening) under Skarvan i nordvest til Bydalen i Jämtland aust. Essand/Nesjøen (66km²) ligg ved Sylmassivet. Nesjø Båtutleie BA leiger ut båtar og sel fiskekort for Nesjøen. Sylan er foreslått verna som landskapsvernområde (vedtak er forventa i løpet av 2007).

Storsylen, nordryggen

Sylan kan vere relativt vêrharde og det har vore fleire dødsulukker. Den mest kjende var nyårsaftan 1718 då den svenske generalen Carl Gustaf Armfeldt mista rundt 3000 karolinerar (soldatar) i ein snøstorm.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sylan