Syvdsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Syvdsfjorden sett austover frå nærleiken av Eidså

Syvdsfjorden er ein 10 kilometer lang og vel ein km brei botnfjord i Vanylven kommuneSunnmøre. Fjorden er ein arm av Rovdefjorden og strekkjer seg frå Koparneset på vestsida av Syvdsfjorden og Syvdsneset på austsida, inn til bygdesenteret Syvde. Bygda Eidså ligg om lag halvvegs inn i fjorden på vestsida. Den største djupna til fjorden er 328 m, ytst ute mot Rovdefjorden.

Austsida av den ytre delen av fjorden er særs høg og bratt, over 800 meter rett opp. Like aust for stupet ligg Sandegga på 970 meter over havet. Riksveg 61 går langs fjorden frå Eidså til Koparnes ferjekai. Den vegen som elles går rundt fjorden, er tidlegare Riksveg 652.