TV1000

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

TV1000 er ein fjernsynskanal som er eigd av Viasat som viser filmar. Kanalen vart starta i 1989 og hadde lenge ein systerkanal som heitte Cinema. Kanalen inneheld ikkje reklame, men vert finansiert av abonnementsavgifter.

Kanalen vart fyrst lansert i Sverige, og seinare vidare til Danmark, Noreg og Finland. I byrjinga av år 2004 vart kanalen lansert i Litauen, Latvia, Estland, Russland, Ukraina, Kasakhstan, Moldova og Kviterussland.

1. september 2004 vart kanaltilbodet til TV1000-kanalane forandra frå TV1000 1,2 og 3 og Cinema 1,2 og 3 til TV1000, TV1000 Plus One, TV1000 Nordic, TV1000 Classic, TV1000 Action og TV1000 Family.

Høydefinisjonskanalen TV1000 HD vart lansert 15. januar 2008.

Distribusjon[endre | endre wikiteksten]

Kanalen vert distribuert i Viasat sin dyraste kanalpakke.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]