Tachylitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Basaltisk glas i eit tynnslip, vanleg lys øvst og polarisert lys under.

Tachylitt er ein bergart av svart, grønt eller brunfarga vulkansk glas. Han vert danna av basaltisk magma som vert raskt avkjølt. Namnet kjem av gresk for 'hurtig' og 'oppløysande', det vil sei som løyser seg raskt i syrar.

Pseudotachylitt[endre | endre wikiteksten]

Pseudotachylitt (smeltemylonitt) er ein bergart som er oppstått ved delvis smelting i samband med sterk nedknusing (kataklase), sjå mylonitt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]