Tajmyrsjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tajmyrsjøen
Tajmyrsjøen - Tajmyrsjøen ligg midt på Tajmyrhalvøya
Tajmyrsjøen ligg midt på Tajmyrhalvøya
Stad Tajmyrhalvøya, Krasnoyarsk kraj
Koordinatar 74°32′34″N 101°38′39″EKoordinatar: 74°32′34″N 101°38′39″E
Tilsig Zapadnaja, Severnaja, Bikada Nguoma, Jamutarida, Kalamissamo, Øvre Tajmyra
Utsig Nedre Tajmyra
Tilknytte land Russland
Største lengde 165 km
Overflateareal 6 990 km²
Middeldjupne 2,8 m
Tilfryst sein september til juni

Tajmyrsjøen (russisk Таймыр, Таймырское озеро) er ein innsjø sentralt på Tajmyrhalvøya i Krasnojarsk kraj i Russland. Han ligg sør for Byrrangafjella og har mange armar som stikk ut i alle retningar. Han er om lag 165 km lang frå aust til vest og opp til om lag 23 km brei i dei breiaste områda aust i innsjøen.

Innsjøen er isdekt frå seint i september til juni. Dei største elvane som munnar ut i innsjøen er Zapadnaja, Severnaja, Bikada Nguoma, Jamutarida, Kalamissamo og Øvre Tajmyra. Nedre Tajmyra renn vidare ut frå innsjøen. Sør for Tajmyrsjøen ligg mange mindre innsjøar.

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Tajmyrsjøen er rik på fisk som ein typisk finn i kalde arktiske vatn, som smerling og muksun. Det er derimot noko overfiske på nokre av artane, trass i at området er avsidesliggande.

Ein har funne noko forureining av plutonium i sedimenta i Tajmyrsjøen. Dette kan vere partiklar som er ført med vinden frå atomprøvesprengingane på Novaja Zemlja under den kalde krigen.

I august held vatnet ein temperatur på 7 °C, medan han berre så vidt er over 1 °C om vinteren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]