Tamara Karsavina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tamara Karsavina i Le Pavillon d'Armide (ca 1912)

Tamara Platonovna Karsavina, russisk Тамара Платоновна Карсавина, (10. mars 188526. mai 1978) var ei russisk ballerina. Ho var ei av Russlands fremste ballerinaer i tida før oktoberrevolusjonen.

Karsavina var fødd i St. Petersburg. Ho var dotter til ein ballettdansar, og vart utdanna til ballettdansar og ved Mariinskijballetten. Med tida skulle ho kome til å danse heile Petipas repertoar. Ho dansa med Sergej Djagilevs Ballets Russes og Vatslav Nizjinskij fram til 1913. Hennar mest berømte roller var Lise i La Fille mal gardée og Medora i Le Corsaire samt Eldfuglen med koreografi av Michel Fokine.

I 1917 gifta Karsavina seg med ein britisk diplomat og busette seg i London. Ho var i 1920 med på å grunnleggje 'Royal Academy of Dance'. Alicia Markova og Margot Fonteyn var mellom elevane hennar.

Karsavina fortel i sine memoarar, Theatre Street, om tida som aktiv dansar. Mellom dei russiske ballerinaene var konkurransen steinhard, og mellom Karsavina og Anna Pavlova utvikla seg ein hatsk rivalitet. Karsavina var kjend for sin venleik, og elles innom ballettverda var ho beundra og elska.

Karsavina døydde i 1978 i Beaconsfield i England.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]