Eldfuglen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kostyme til Eldfuglen, teikna av Leon Bakst

Eldfuglen (eigentleg russisk: Zhar-pitsa eller fransk: L'Oiseau du feu) er ein ballett i ei akt med to scener. Librettoen og koreografien er av Michel Fokine til musikk av Igor Stravinskij. Han vart urframført ved operaen i Paris 25. juni 1910, med dekorasjonar av Golovine (kostymar for eldfuglen og tsarevna forma av Leon Bakst), dirigert av Gabriel Pierné. På scena dansa Sergej Djagilevs kompani, med Tamara Karsavina, Fokine, Fokina og Bulgakov.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Basert på ulike russiske folkeeventyr fortel balletten om prins Ivan som fangar ein merkeleg eldfugl. For å få tilbake fridomen gir fuglen Ivan ei fjør han kan påkalle eldfuglen med i farlege stunder. Dette skjer når Ivan forelskar seg i den skjønne Tsarevna, som er fanga av uhyret Kaschei. Med hjelp frå eldfuglen drep Ivan Kastchei og feirar deretter bryllaup med Tsarevna med stor pomp og prakt.

Oppsetjingar[endre | endre wikiteksten]

Eldfuglen er ein av dei meir suksessfylte moderne ballettane i det 20. hundreåret. Han er ofte blitt oppført på ny, f.eks av Djagilev i 1926, med nye kostymar av Natalija Gontsjarova, og for 'Saddler Wells Ballet' i 1954. Denne versjonen er ein del av The Royal Ballet (film 1959 - òg ein BBC-produksjon 1965). Individuelle versjonar ved Bolm for Ballet Theatre, dekorasjonar av Marc Chagall 1945), Balanchine, New York City Ballet med Chagall-dekorasjonane 1949, og seinare versjon av Robbins, Lifar (operaen i Paris 1954), Cranko (Stuttgart 1964), Skibine (Harkness Ballet, New York 1965), Brian MacDonald (Harkness Ballet, New York. 1967), Béjart (berre ei suite, Paris og Brüssel 1970, tysk tv2-produksjon 1973), Holm (København 1972, dansk TV-produksjon 1974).

Kjelde[endre | endre wikiteksten]