Tan Dun
Tan Dun (kinesisk: 谭盾, pinyin: Tán Dùn, (fødd 18. august 1957) er ein oscar-vinnande kinesisk komponist og filmmusikkomponist busett i New York.
Innhaldsliste |
Karriere[endre]
Tan Dun vart fødd i Changsha i Hunan-provinsen i Kina. Han studerte ved musikkonservatoriet i Beijing før han flytte til New York i 1980-åra og studerte ved Columbia University. Han er etter kvart vorten kjend for å bruka uortodokse instrument i komposisjonane sine; m.a. har han skrive eit verk der han berre nyttar papir i ulike former til å laga musikk. I eit anna verk nyttar han vasskåler som perkusjon.
Tan Dun har skrive både symfoniar og operaar. Den fyrste operaen hans, Marco Polo, hadde urpremiere i München i 1996. Operaen Peony Pavilion vart urframført i 1998, Tea: A Mirror of Soul i 2002 og The First Emperor i 2006.
Filmmusikk[endre]
Tan Dun har m.a. skrive filmmusikken til fylgjande filmar:
- Fallen (1998)
- Snikende tiger, skjult drage (2000)
- Ying Xiong eller Hero (2002)
- Ye Yan, eller The Banquet (2006)
Kjelder[endre]
- Artikkelen er basert på Engelsk Wikipedia om Tan Dun, henta inn 2. februar 2011.