Changsha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Changsha
Styresmakter
Land
Region
Folkerepublikken Kina
Hunan
Geografi
Flatevidd
 - By

11 819 km²
Innbyggjarar 6 642 200
Diverse anna
Nettstad: www.changsha.gov.cn
Plassering
Plassering i Hunan
Plassering i Hunan

Changsha (kinesisk: 长沙; pinyin: Chángshā; ordrett 'lang sabel') er eit byprefektur som er hovudstad i provinsen Hunan i Sør-Kina. Det er òg namnet på eit fylke innan byprefekturet. Byen ligg ved elva Xiang Jiang, ei sideelv til Chang Jiang (Jangtsekiang).

Talet på innbyggarar innom bygrensene vart i 2006 berekna til 2 131 620.[1] Prefekturet Changsha har eit folketal på 5,71 millionar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Staden vart truleg busett frå det siste tusenåret før Kristi fødsel. I 202 f.Kr. var Changsha ein by med festningsverk. Under Han-dynastiet var byen hovudstad for kongedømmet Changsha.

Frå Han-dynastiet si tid stammar også Mawangduigravene. Dei vart laga mellom 186 f.Kr. og 165 f.Kr. Den eldste grava, som vart graven ut i 1970-åra, hadde bevart lekamen av den mektige fru Xin-Zhui i forbausande god tilstand. I same grava fann ein dei eldste kjende versjonane Dao-De-Jing. På nokre tystykke vart det funne brotstykke av verket Zhan Guo Ce, eit viktig historieverk frå Han-tida.

Yuelu-akademiet vart grunnlagt i Changsha i 976, under Song-dynastiet. Akademiet vart rasert i krig i 1127, gjenoppbygt i 1165. Den framståande neokonfutsianske filosofen Zhu Xi underviste der i 1165. Mongolar øydela skulen på ny, men han vart atter sett i stand, seint på 1400-talet (Ming-dynastiet). I 1903 vart akademiet omgjort til Hunan høgskule. Det moderne Hunanuniversitetet er ein arvtakar til akademiet.

Shanghai-traktaten av 1903 mellom Kina og Japan opna byen for utanrikshandel. Det vart deretter reist nye fabrikkar, kyrkjer og skular. College of Yale in China, ein lærestad oppretta av det USA-amerikanske Yale-universitetet har vorte det medisinske senteret Xiangya, samt ein vidaregåande skule, Yali-skulen.

Mao-museet i Changsha.

Kommunistleiaren Mao Zedong byrja sitt politiske arbeid i Changsha. Truleg vart hans kommunistiske grunnsyn til i hans tid i byen. Han var elev ved Hunans første lærarskule frå 1913 til 1918. Seinare var han lærar og rektor der frå 1920 til 1922. Skulen vart øydelagd under Den kinesiske borgarkrigen, men har vorte restaurert. Kontora til Hunans kommunistparti, der Mao ein gong budde, er i dag museum.

Under Den andre kinesisk-japanske krigen hamna Changsha, grunna sin strategiske posisjon, gong på gong i eldlinja. Både i 1939, 1941, 1942 og 1944 vart det utkjempa slag om byen. Byen vart mykjeøydelagd, og vart ikkje gjenoppbygd før etter Folkerepublikken Kina vart danna.

Den tidlegare kinesiske statsministeren Zhu Rongji vart fødd i Changsha.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Jarnbane[endre | endre wikiteksten]

Changsha har, med Jingguangbana, togsamband med Beijing i nord og Guangzhou i sør.

Veg[endre | endre wikiteksten]

Riksveg 107 i Kina fører gjennom området. Den går frå Beijing til Shenzhen, tett ved Hongkong.

Riksveg 319 i Kina fører gjennom fylket. Riksveien tek til i Xiamen i Fujian, går nordvestover gjennom provinsane Jiangxi, Hunan, og Chongqing, til han endar opp i Chengdu, hovudstaden i provinsen Sichuan.

Administrasjonseiningar[endre | endre wikiteksten]

Changsha er ordna i fem bydistrikt, tre fylke og eitt byfylke:

Subdivisions of Changsha-China.png
Changsha by   Landdistrikt og forstader
Furong-qu 芙蓉区   Liuyang-shi 浏阳市
Tianxin-qu 天心区   Changsha-xian 长沙县
Yuelu-qu 岳麓区   Wangcheng-xian 望城县
Kaifu-qu 开福区   Ningxiang-xian 宁乡县
Yuhua-qu 雨花区  
  • Bydistriktet Yuelu (岳麓区), 139 km², 380 000 innbyggarar (2003), med setet for lokalregjeringa;
  • Bydistriktet Furong (芙蓉区), 42 km², 350 000 innbyggarar;
  • Bydistriktet Tianxin (天心区), 74 km², 400 000 innbyggarar;
  • Bydistriktet Kaifu (开福区), 187 km², 400 000 innbyggarar;
  • Bydistriktet Yuhua (雨花区), 114 km², 440 000 innbyggarar;
  • Fylket Changsha (长沙县), 1 997 km², 730 000 innbyggarar;
  • Fylket Wangcheng (望城县), 1 361 km², 700 000 innbyggarar;
  • Fylket Ningxiang (宁乡县), 2 906 km², 1,29 mill. innbyggararar;
  • Byfylket Liuyang (浏阳市), 4 999 km², 1,38 mill. innbyggarar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Changsha

Notar[endre | endre wikiteksten]