Tatjana Zelentsova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tatjana Zelentsova


Statsborgarskap Russland
Fødd 5. august 1948 (75 år)
Novorossijsk
Idrett friidrett
Utmerkingar

Idrettens mester i Sovjetunionen, Honoured coach of the RSFSR

Tatjana Petrovna Zelentsova (fødd 5. august 1948) er ein tidlegare hekkeløpar frå Novorossijsk som representerte Sovjetunionen. Ho vart i 1978 europameister på 400 meter hekk og sette to verdsrekordar i øvinga.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Zelentsova tevla i yngre år for det meste på 100 meter hekk, utan å nå eit internasjonalt nivå i øvinga. Då 400 meter hekk midt i 1970-åra også kom på programmet for kvinner, bytta ho øving. I 1976 vart ho den fyrste vinnaren av 400 meter hekk i Sovjet-meisterskapen. To veker før Friidretts-EM 1978 slo Zelentsova verdsrekorden i øvinga med eit løp på 55,31 sekund i Podolsk. Under europameisterskapen i Praha forbetra ho verdsrekorden til 54,89 og sikra seg gullmedaljen, også sølvmedaljøren Silvia Hollmann frå Vest-Tyskland kom under den førre verdsrekorden.

Zelentsova utvandra i 1989 til USA.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]