Teddy Wilson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Teddy Wilson
Teddy Wilson (William P Gottlieb).jpg
Teddy Wilson ved Den tyrkiske ambassaden, Washington, D.C., 1940
© William P. Gottlieb
Verkeleg namn Theodore Shaw Wilson
Fødd 24. november 1911
Austin i Texas
Død 31. juli 1986 (73 år)
Hillsdale i New Jersey
Instrument Piano
Sjanger Jazz
Yrke Pianist
Tilknytte artistar Louis Armstrong
Earl Hines
Billie Holiday
Lester Young
Lena Horne
Benny Goodman

Theodore Shaw «Teddy» Wilson (fødd 24. november 1912 i Austin i Texas, død 31. juli 1986 i New Britain i Connecticut) var ein amerikansk jazzmusikar (piano) og orkesterleiar, kjent som ein av dei leiande innan swingjazz-epoken.

Wilson voks opp i Alabama, var i «Speed Webb» med broren Gus Wilson på trombone (Detroit, 1929), før han erstatta Art Tatum i Milt Senior's band (Ohio). Så var han i orkesteret til Louis Armstrong (Chicago, 1932) og Benny Carter sitt «Chocolate Dandies» (New York City, 1933), før han vart med i bandet til Benny Goodman (1935-39). Han medverka på utgjevingar med bandet til Willie Bryant (1934-35), og dessutan Billie Holiday, Lena Horne, Ella Fitzgerald og Lestar Young. Seinare leia han eige storband (1939), eigen sekstett på «Cafe Society» (1940-44), eigen trio, og var dessutan husmusikar for CBS. Han jobba sidan som forelesar ved Juilliard School (1945-52), elles som frilans, og turnerte med Goodman i Sovjetunionen (1962). Mot slutten var han i trio med sønene sine Teddy på bass og Steven på trommer.

Wilson var førebilete for det norske omgrepet kløverjazz (i tillegg bestod trekløveret av Roy Eldridge og Chu Berry)[1]. Teddy Wilson spelte fleire gonger med skandinaviske musikarar, først med Yngve Åkerberg på bass og Jack Norén på trommer, på Piano Pastries (1952). Med Niels-Henning Orsted Pedersen på bass og William Schiøpffe/Bjarne Rostvold på trommer utkom The noble Art of T.W. (1968). Wilson figurerer på Bein Webster sitt Live at Stampen (1969-73), og medverka òg med norske Rowland Greenberg. I trio med danske Jesper Lundgaard på bass og Ed Thigpen på trommer utkom Revisits the Goodman Years (1980).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • obs.org med biografi, lydklipp og bilete