Lena Horne
Lena Mary Calhoun Horne (30. juni 1917–9. mai 2010) var ein amerikansk popsongar frå Bedford-Stuyvesant, New York,. Sjølv om ho har arbeidd mykje med jazz-musikarar (til dømes Artie Shaw, Teddy Wilson, Billy Strayhorn og Duke Ellington), blir ho vanlegvis ikkje sedd på som jazz-songar, av di ho ikkje improviserer. Ho budde i New York City til ho døydde. Ho er venteleg mest kjend for songen "Stormy Weather". Versjonen hennar av denne songen var ein slager på 1940-talet.
Tidleg liv og karriere [endre]
Far åt Lena Horne, Edwin «Teddy» Horne, forlét familien då Lena var tre år gamal. Mora, Edna Scottron, var dotter av oppfinnaren Samuel R. Scottron, og jobba som skodespelar med eit afro-amerikansk teaterensemble, noko som gjorde at ho laut reise mykje. Båe foreldra åt Horne er av afrikansk, europeisk og indiansk avstamming. Ho vart for det meste oppdregen av besteforeldra Cora Calhoun og Edwin Horne.
Etter å ha tjuvstarta i musikalen The Duke is Tops i 1938, vart Horne den fyrste afro-amerikanske utøvande kunstnaren som underteikna ein langtidskontrakt med eit stort Hollywood-studio, nemleg Metro-Goldwyn-Mayer. Ho debuterte hjå dei med filmen Panama Hattie i 1942, og vart vidgjeten i 1943 for framføringa av "Stormy Weather" i filmen med same namn, som ho spela inn hjå 20th Century Fox.
Ho var med i mange MGM-musikalar (til dømes Cabin in the Sky frå 1943), men fekk aldri ta på seg ei hovudrolle på grunn av rasebakgrunnen hennar, og det at filmane hennar måtte redigerast fyre framsyningar i sørstatane, der afro-amerikanske skodespelarar ikkje var tillatne. Dette resulterte i at Horne mesta aldri fekk berande roller, men måtte spela i scener som lett kunne redigerast bort, utan at det gjekk ut over plotttet i filmen. Eit unntak frå dette var Cabin in the Sky.
Horne døydde i den 9. mai 2010 i Brooklyn.