Terje Bakken
| Terje Bakken | |
| Fødd | 3. september 1978 |
| Død | 14. januar 2004 |
| Instrument | vokal, elektrisk gitar, trekkspel, bassgitar, tangentfjøl, synthesizer og klaviatur |
| Sjanger | Sognametall, svartmetall, folk metal og viking metall |
| Aktive år | 1994–2004 |
| Yrke | Komponist, låtskrivar, musikkmusikar og nynorskforkjempar |
| Plateselskap | Voices of Wonder, Head Not Found |
| Nettstad | www.windir.no/ |
Terje Bakken (3. september 1978–15. januar 2004) var ein norsk metallvokalist frå Sogndal, mest kjend frå Windir – eit svartmetallband – som starta fyrst som eit enkeltmannprosjekt, men vart eit komplett band ved deira tredje studioutgjevnad. Valfar song på sognamål. Han byrja å syngja på engelsk for å nå ut til eit større publikum.
Innhaldsliste |
Biografi[endre]
Terje Bakken byrja frå ung alder å spela trekkspel[1] , men etter ei stund var ikkje dette interessant og difor uaktuelt. Han byrja læringa av å spela gitar; elektrisk gitar. Han spelte i nokre svartmetall- og daudmetallband tidleg på 90-talet, men fann det ikkje like interessant som resten av bandet. Han ville laga musikken heilt sjølv, utan andre sine synspunkt.[2]
Bakken hadde alltid vore gaumen innan lokalhistorie, spesielt Kongesogene og bygdehistoria åt Songdal. Dette påverka musikken hans sterkt. Han gav ut to demoar: Songariket og Det Gamle Riket, båe prega av historieinteressa hans. I bygdebøkene fann han ogso inspirasjon til melodiane.[3] Hans fyrste studioalbum – Sóknardalr – kom ut i 1997, og baud ikkje på noko heilt annleis frå demoane. Demoane og Sóknardalr fekk status hjå svartmetallundergrunnen. Han fekk platekontrakt i 1996 med selskapet Voices of Wonder. Musikken spelte han heilt sjølv. Studioalbumet selte over 2000 kopiar dét året.
Trass den dunkle syngestilen og mørke stemninga, assosierte ikkje Valfar seg med svartmetall. Andre grunnar var korleis svartmetallscena og undergrunnen åt han fungerte. Han meinte den var stereotypisk, og kunne svekka salet. Han kalla difor sjangaren sin for «sognametall».
Daud[endre]
Bakken drog på tur ein januarfredag mot hytta hans på Fagereggi, men det var stygt vêr den dagen, og han kom aldri fram. Tre dagar etter kom leitemannskap og politi og fann han på Reppastølen i Sogndal. Bakken døydde truleg av hypotermi, då han vart fanga av snøstormen.
Terje Bakken vart gravlagd på Stedje kyrkje i Sogndal, 27. januar 2004.[4]
Diskografi[endre]
Demoar[endre]
- Sognariket (1995)
- Det Gamle Riket (1995)¨
Studioalbum[endre]
- Sóknardalr (1997)
- Arntor (1999)
- 1184 (2001)
- Likferd (2003)
Samlealbum og hyllestar[endre]
- Valfar, ein Windir (2004)
Sjå òg[endre]
Lenkjer[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Terje Bakken» frå Wikipedia på engelsk, den 25. oktober 2011.
Fotnotar[endre]
- ↑ Radiointervju frå Midt i musikken med NRK P2. NRK P2. Vitja 23 oktober 2011.
- ↑ Windir – The Story So Far. windir.no. Vitja 24. oktober 2011.
- ↑ Fjernsynsreportasje, NRK. NRK. Vitja 22. oktober 2011.
- ↑ Death of Terje Bakken. [nn.wikipedia.org wikipedia]. Vitja 24. oktober 2011.