Ternært talsystem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eit ternært talsystem er eit talsystem med grunntalet tre. Der ein i eit to-talsystem har ein bit, har ein i eit ternært talsystem ein trit. Ein trit inneheld \log_2 3 (om lag 1.58496) bits med informasjon. Sjølv om ternært som regel syner til eit system med tre siffer, 0, 1 og 2 som alle er heiltal, vert adjektivet òg nytta i eit balanser ternært system, som vert nytta i samanlikningslogikk.

Det er utført ein god del forsking for å koma fram til ternære aritmetiske einingar som er enkle å realisera som elektroniske krinsar, med tanke på bruk i datamaskinar, men førebels har kan ikkje denne typen krinsar konkurrera med binære krinsar som vert nytta i dag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]