Terråk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Terråk
tettstad
Land  Noreg
Fylke Nordland
Kommune Bindal
Areal 0,62 km²
Folketal 512  (2023)
Folketettleik 826 / km²
Postnummer 7980 TERRÅK
Kart
Terråk
65°05′21″N 12°22′26″E / 65.089222°N 12.373944°E / 65.089222; 12.373944

Terråk er ein tettstad, og kommunesentret i Bindal kommune i Nordland fylke. Tettstaden har 512 innbyggjarar per 1. januar 2023. Kommunens hjørnesteinsbedrift, trevarefabrikken Bindalsbruket A/S, ligg i Terråk.

Terråk var opphavleg ein nokså stor gard med fleire husmannsplassar og eiga seter. Det var her Nord-Noregs fyrste postkontor vart oppretta i 1804 under namnet Nordlands Postkontor. Peder Knoph vart tilsett som postkontorets første postmester. Då Bindalsbruket vart flytta til Terråk sist på 1880-talet, byrja folk å busette seg på plassen. Terråk har i dag mellom anna bensinstasjon, matbutikk (Coop), Post i butikk, frisør, treningsstudio, byggevarebutikk og gjestegard. "Bruket" som Bindalsbruket vert kalla på folkemunne, er nest etter Bindal kommune den største arbedsgivaren. Tettstaden har òg ein barne- og ungdomsskule kalla Terråk skole.

Lag og foreiningar:[endre | endre wikiteksten]

  • Terråk Idrettslag (T.I.L.)
  • Terråk jeger og fiskeforening (TJFF)

Anna[endre | endre wikiteksten]

Sidan 1978 har det vore arrangert regatta for nordlandsbåtar (færing), både roing og segling kvart år. Det lokale idrettslaget (T.I.L.) er arrangørar for regattaen.