Tetris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dei sju moglege byggjeklossane

Tetris er eit dataspel som vart laga av den russiske matematikaren Alexey Pazhitnov i 1985. Spelet går ut på å stabla byggjeklossar slik at dei dannar vassrette rekkjer.

Det er sju ulike byggjeklossar i Tetris, og dei er tilsynelatande tilfeldig kven av dei som kjem til ei kvar tid. Klossane kan snuast slik at dei passar betre inn i muren, men dei kan ikkje veljast vekk. Når ei rekkja er full, forsvinn ho, og spelaren får poeng. Om fleire rekkjer forsvinn samstundes, får ein ekstra poeng i tillegg til poenga ein får per fullført rekkja. Når ein har fått ei viss mengd av klossar, går ein vidare til neste nivå. For kvart nivå går det litt fortare. Om klossane byggjer seg opp til øvste kanten av speleruta, har ein tapt.