Game Boy Advance

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Game Boy Advacne
Game Boy Advacne

Game Boy Advance (ofte korta GBA) er ein handhalden spelkonsoll utvikla, produsert og marknadsført av Nintendo. Han vart lansert i Japan 21. mars 2001, i Nord-Amerika 11. juni 2001, i Europa og Australia 22. juni 2001. Under utviklinga vart Game Boy Advance gjeve kodenamn Project Atlantis.

Tekniske spesifikasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • CPU: Spesialtilplassa 32-bit 16,8 MHz ARM prosessor; inneheld òg ein 8,4 MHz Z80-liknande prosessor
  • RAM: 32 Kbyte WRAM + 96 Kbyte VRAM i CPU og 256 Kbyte WRAM utanfor CPU
  • Skjerm: 240x160 pikslar (kan skifte til 160x144)
  • Skjermstørrelse:
    • Advance/SP: 2,9 tommar (40,8 mm x 61,2 mm)
    • Micro: 2 tommar
  • Fargepalett: 32 768 fargar
  • Kommunikasjon: Seriellport
  • Strøm:
    • Advance: To AA batteri, rekk til om lag 15 timar
    • SP: Litium-batteri med 10 timar med speling med lys, 18 timer utan
    • Micro: Litium-batteri
  • Vekt:
    • Advance: 140 g
    • SP: 143 g
    • Micro: 85 g
  • Mål:
    • Advance: 82 mm høg x 144,5 mm brei x 24,5 mm djup
    • SP: 84,6 mm høg x 82 mm brei x 24,3 mm djup
    • Micro: 50,8 mm høg x 101,6 mm brei x 17,8 mm djup

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Game Boy Advance SP[endre | endre wikiteksten]

Game Boy Advance SP

SP-versjonen som vart lansert i mars 2003 hadde ein ny og mindre kamskjelldesign med ein skjerm som ein kunne flippe opp, internt forlys (ikkje baklys) og oppladbart batteri, men var elles uforandra. SP står for Special (spesiell).

Game Boy Micro[endre | endre wikiteksten]

Game Boy Micro

Game Boy Micro er den andre omforminga av Game Boy Advance. Maskina er 10,6 cm brei, 5,08 cm høg og 1,78 cm djup og veg 85 gram. Micro har ein mindre skjerm enn dei andre modellane, men med skarpare oppløysning og bakgrunnsopplysing. Maskinen er ikkje kompatibel med spel for Game Boy eller Game Boy Color.

Spire Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.