The 'In' Crowd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The 'In' Crowd
Singel av Dobie Gray
frå albumet Dobie Gray Sings for 'In' Crowders That 'Go Go
Utgjeve 1965
Sjanger Motown
Lengd 2:49
Selskap Charger
Låtskrivar(ar) Billy Page

«The ‘In’ Crowd» er ein song frå 1965 skriven av Billy Page, arrangert av broren Gene. Han vart opphavleg spelt inn av Dobie Gray på albumet hans Dobie Gray Sings for 'In' Crowders That 'Go Go. Denne Motown-liknande versjonen nådde 13. plass i USA.

Ramsey Lewis-versjonar[endre | endre wikiteksten]

Ramsey Lewis Trio spelte inn ein instrumentalversjon av songen seinare same år. Den jazz-aktige versjonen vart spelt inn live på ein nattklubb i Washington, D.C. og nådde 5. plass i USA. Han vart i mange år nytta som bakgrunsmusikk for Jimmy Savile sitt Savile's Travels og Jimmy Savile's Old Record ClubBBC Radio 1.

The Ramsey Lewis Trio spelte òg inn ein smooth jazz-versjon av songen i 2004 for albumet Time Flies, 39 år etter den første versjonen deira.[1]

Bryan Ferry-versjonen[endre | endre wikiteksten]

I 1974 nådde ein versjon av Bryan Ferry, frontmann i Roxy Music, omsider lista i Storbritannia, der han nådde 13. plass. Songen var òg førstesongen på albumet hans Another Time, Another Place.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen er spelt inn av mange andre artistar, som The Chipmunks, The First Gear, The Fourmost, The Mamas & the Papas, Jack Jones, James Last, Joe Jackson, Julee Cruise, Maurice Williams & the Zodiacs, Quincy Jones, Petula Clark, Todd Londagin, The Ventures, Young-Holt Unlimited, Marshall Crenshaw og Sylvie Vartan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Amazon track listing of Ramsey Lewis' Time Flies album